Legg til i ønskeliste
Se ilden lyse over jord ebok
329,-
Ein sekstieinårig mann vaknar opp på eit hotellrom. Han har drøymt om stafetten i langrenn for herrar under OL på Lillehammer i 1994, som har nær tilknyting til ei dramatisk hending i hans eige liv. Vinteren 1994, same dag som stafetten fann stad, mista han den eldste sonen sin. Seinare blir han skild. Han er vegingeniør, lever åleine, og er fast bestemt på å halde fram med det. Men då dottera ein dag overtaler han til å opprette ein Facebook-profil, hamnar han på ei datingside som formidlar ko…
Ebok
329,-
Undertittel
roman
Forlag
Samlaget
Utgitt
22 september 2014
Lengde
207 sider
Sjanger
Skjønnlitteratur, Romaner
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788252183269
Ein sekstieinårig mann vaknar opp på eit hotellrom. Han har drøymt om stafetten i langrenn for herrar under OL på Lillehammer i 1994, som har nær tilknyting til ei dramatisk hending i hans eige liv. Vinteren 1994, same dag som stafetten fann stad, mista han den eldste sonen sin. Seinare blir han skild. Han er vegingeniør, lever åleine, og er fast bestemt på å halde fram med det. Men då dottera ein dag overtaler han til å opprette ein Facebook-profil, hamnar han på ei datingside som formidlar kontakt med austeuropeiske kvinner. Han får kontakt med Kataryna frå Kviterussland. Eit begjær blir vekt i han.
No er han i Minsk, fast bestemt på å forføre denne kvinna som han trur han elskar, men som han enno ikkje har møtt.
Nils Henrik Smith har skrive ein intens og stilsikker roman om tap, einsemd og begjær.