Premium
Legg til i ønskeliste
Siss og Unn (Oktober ebok) ebok
199,-
Unn bur i ei lita bygd saman med mor si, Mummy Big, som elskar dottera si, men som ikkje kjem over sorga over faren, han som stakk sin veg då Unn var lita. Då Mummy Big vert sjuk og døyr, må Unn flytta til moster si, ei arbeidssam, stillfaren og mystisk kvinne.
Den meir omgjengelege Siss kjem flyttande frå Sverige, og det veks fram eit vakkert vennskap mellom dei to jentene. Romanen fylgjer Siss og Unn gjennom ungdoms- og studietid, då forholdet deira etterkvart vert mørkt og vanskeleg: den e…
Ebok
199,-
Forlag
Oktober
Utgitt
8 mai 2012
Lengde
175 sider
Sjanger
Skjønnlitteratur, Romaner
Serie
Oktober ebok
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788249509690
Unn bur i ei lita bygd saman med mor si, Mummy Big, som elskar dottera si, men som ikkje kjem over sorga over faren, han som stakk sin veg då Unn var lita. Då Mummy Big vert sjuk og døyr, må Unn flytta til moster si, ei arbeidssam, stillfaren og mystisk kvinne.
Den meir omgjengelege Siss kjem flyttande frå Sverige, og det veks fram eit vakkert vennskap mellom dei to jentene. Romanen fylgjer Siss og Unn gjennom ungdoms- og studietid, då forholdet deira etterkvart vert mørkt og vanskeleg: den eine blømer og den andre går til grunne.
Med eit poetisk og ganske forrykt språk, går forfattaren i fri dialog med Tarjei Vesaas sin roman «Is-slottet».
«Siss og Unn» fekk sølvmedaljen i Dag og Tid si kåring av Årets Beste Nynorskbok 2008, utan å vera nominert. Inger Bråtveit vart også nominert til Kritikerprisen for denne boka.