Soga om Fråid - hans meiningar og livskjensle : som også inneheld somme salige stunder (ebok) av Mona Høvring
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Mona Høvring (forfatter)

Soga om Fråid ebok

329,-
Fabelaktig familieportrett Tenåringen Fråid styrer huset i Urskogen 13 saman med storebroren Terje Eddipus og veslesøstera Eva, medan skipperfaren Vulgaris er ute på sine seilasar. Men ein dag kjem faren heim med ei stemor til ungane, Demona de Sjavy. Ho rokkar ved familiedynamikken, og alle må forholde seg til hennar labile humør. Men Fråid trivst med dei nye, kaotiske kvardagane. Han er fascinert av det uredde ved stemora, og kjenner samstundes omsorg for henne. Etter ei mislykka deltaking …
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Undertittel hans meiningar og livskjensle : som også inneheld somme salige stunder
Forfattere Mona Høvring (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 30 august 2021
Lengde 125 sider
Sjanger Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234006364
Fabelaktig familieportrett Tenåringen Fråid styrer huset i Urskogen 13 saman med storebroren Terje Eddipus og veslesøstera Eva, medan skipperfaren Vulgaris er ute på sine seilasar. Men ein dag kjem faren heim med ei stemor til ungane, Demona de Sjavy. Ho rokkar ved familiedynamikken, og alle må forholde seg til hennar labile humør. Men Fråid trivst med dei nye, kaotiske kvardagane. Han er fascinert av det uredde ved stemora, og kjenner samstundes omsorg for henne. Etter ei mislykka deltaking på eit foreldremøte, går Demona i kjellaren, og Fråid får for seg at han skal vere den første til å klare å lokke latteren ut av henne. Mona Høvring sin eksplosive roman teiknar eit varmt og innsiktsfullt portrett av ein heilt vanleg uvanleg familie. Soga om Fråid handlar om å finne ut av det å vere ein familie, om sakn og draumar, og om fridomen til å kunne vere den ein helst vil vere - og ønsket om å få vere sola til eit anna menneske. Mona Høvring (f. 1962) debuterte i 1998 med diktsamlinga IIK!! Ein dialog. Bøkene er omsett til mange språk og har mottatt fleire prisar.

Absurd, varmt og velskrive frå eit litterært overskotslager [...] ei lesaroppleving som osar av oppfinnartrong og kreativitet.