Sol, seier ho - roman (ebok) av Ingrid Z. Aanestad
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Ingrid Z. Aanestad (forfatter)

Sol, seier ho ebok

199,-
«To dagar går. Eg søv nesten ikkje. Eg ligg med Vasco, høyrer han falla i søvn, står opp att. Det er noko gjennomskinleg med fargen på auga mine, med huda rundt auga. Eg sit ved vindauget, eg prøver ikkje å jobba. Når det lysnar, går eg og legg meg, søv kanskje ein halvtime, vaknar med kroppen pressa inn mot ryggtavla hans. Utskrifta av billetten ligg i vindaugskarmen, me snakkar ikkje om at han skal reisa. Påskeliljene på framsida av huset spring ut, Linnea lever uforklarleg lett ved sida av o…
Ebok 199,-

Andre har også kjøpt

Undertittel roman
Forfattere Ingrid Z. Aanestad (forfatter)
Forlag Oktober
Utgitt 9 oktober 2013
Lengde 157 sider
Sjanger Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788249513277
«To dagar går. Eg søv nesten ikkje. Eg ligg med Vasco, høyrer han falla i søvn, står opp att. Det er noko gjennomskinleg med fargen på auga mine, med huda rundt auga. Eg sit ved vindauget, eg prøver ikkje å jobba. Når det lysnar, går eg og legg meg, søv kanskje ein halvtime, vaknar med kroppen pressa inn mot ryggtavla hans. Utskrifta av billetten ligg i vindaugskarmen, me snakkar ikkje om at han skal reisa. Påskeliljene på framsida av huset spring ut, Linnea lever uforklarleg lett ved sida av oss». «Sol, seier ho» er romanen om Anna. Ho bur på ein liten gard, ikkje langt frå havet. Her prøver ho å finna feste. Ho vil fullføra masteroppgåva. Ho tek seg av Linnea, dotter til venninna Judit. Kjærasten bur i Portugal. Dei møtest når dei kan. Det blir lenge mellom kvar gong. Ein dag i mai set Anna seg på flyet til Lisboa utan at Vasco veit at ho kjem. «Sol, seier ho» er ein presis og lysande roman om tilhøyrsle, oppbrot og forsvinning.