Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Stormfulle høgder (Skalds klassikarar) ebok
299,-
Stormfulle høgder (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av Emily Brontë. Den dystre kjærleikshistoria frå den nordengelske landsbygda om Catherine og den vondsinna Heathcliff, sjokkerte i samtida, ikkje minst fordi Brontë i romanen braut med litterære og moralske normer. Etter kvart har verket blitt rekna blant dei ypparste frå 1800-talslitteraturen, og karakterane Brontë skapte har i all sin mørke villskap fascinert lesarane fram til i dag…
Ebok
299,-
Forlag
Skald
Utgitt
16 desember 2019
Lengde
477 sider
Sjanger
Skjønnlitteratur, Romaner
Serie
Skalds klassikarar
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788279592754
Stormfulle høgder (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av Emily Brontë. Den dystre kjærleikshistoria frå den nordengelske landsbygda om Catherine og den vondsinna Heathcliff, sjokkerte i samtida, ikkje minst fordi Brontë i romanen braut med litterære og moralske normer. Etter kvart har verket blitt rekna blant dei ypparste frå 1800-talslitteraturen, og karakterane Brontë skapte har i all sin mørke villskap fascinert lesarane fram til i dag. Den mytiske statusen til verket har vakse med tallause filmatiseringar og andre omarbeidingar. Emily Jane Brontë (1818-1858) er i dag ein av dei store kultforfattarane i verda. Ho debuterte i lag med systrene Charlotte og Anne i 1846 og brukte då det mannlege pseudonymet Ellis Bell. Brontë levde tilbaketrekt og døydde av tuberkulose berre 30 år ung. I litteraturen knytte ho seg til den gotiske tradisjonen og var oppteken av det patriarkalske samfunnet og kvinnene sin ufrie situasjon i heimen. Denne kombinasjonen gjorde at ho i dag vert sett på som stiftar av ein ny sjanger: den kvinnelege gotikken.