Echo Mountain - forteljingar frå L.A. (ebok) av Anna Kleiva
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Anna Kleiva (forfatter)

Echo Mountain ebok

199,-
Premium
«... eg veit at eg alltid har likt det som er slik LA er, spraglete, smektande, motstridande, det som er for mykje, det som ikkje er stilreint, ikkje samanhengande, eit mylder. Det går ikkje an å finne eit punkt der alt starta, det går ikkje opp; dette er berre ein måte å fortelje ei historie på. LA er inga logisk forteljing. Det er derfor eg vil fortelje den.» Los Angeles er hovudperson i Anna Kleivas første prosabok, som gjennom ulike perspektiv og forteljemåtar forsøker å kartleggje og fo…
Ebok 199,-
eller Les gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager

Andre har også kjøpt

Undertittel forteljingar frå L.A.
Forfattere Anna Kleiva (forfatter), Yngvild Gotaas Torvik (annet)
Forlag Oktober
Utgitt 8 oktober 2018
Lengde 331 sider
Sjanger Skjønnlitteratur
Språk Bokmål
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788249520251
«... eg veit at eg alltid har likt det som er slik LA er, spraglete, smektande, motstridande, det som er for mykje, det som ikkje er stilreint, ikkje samanhengande, eit mylder. Det går ikkje an å finne eit punkt der alt starta, det går ikkje opp; dette er berre ein måte å fortelje ei historie på. LA er inga logisk forteljing. Det er derfor eg vil fortelje den.» Los Angeles er hovudperson i Anna Kleivas første prosabok, som gjennom ulike perspektiv og forteljemåtar forsøker å kartleggje og forstå den oppdelte og sprikande amerikanske byen. Reiseskildringar frå fleire møte med L.A. i perioden 2008-2017 blir i denne boka føydd saman med forteljingar, samtalar, poetiske og essayistiske tekster, og ei viss Angelenas brev til ukjend adressat. «Echo Mountain» handlar om byen som draum, myte og fiksjon, men også om jakta på kva slags stemmer, historier og realitetar som skjuler seg under den glitrande overflata. Det er ei bok om å ha ein kjærleiksaffære med ein by, om tiltrekking og utstøyting, men også om å betrakte og skildre: Korleis fortelje om det som er skiftande og fullt av motsetningar, som ikkje lèt seg fange eller avgrense? Anna Kleiva kombinerer forteljande, sansande og essayistisk språk på ein eigenarta måte, og viser byen som natur og konstruksjon, jungel og maskin: «Echo Mountain» er eit flettverk av tekster om byen slik den blir sett frå fjellet, ørkenen, motorvegen eller Downtown, og slik den møter oss i litteratur, poesi, film, folklore og musikk, i kulturen og historia. Det er ei rik og mangslungen bok, dels inderleg og subjektiv, dels undersøkande og analytisk, tvers igjennom fascinerande og klok. Boka er illustrert med fotografi av Yngvild Gotaas Torvik.