Legg til i ønskeliste
Kvitleik (Nobel-serien) ebok
288,-
TERNINGKAST 6 - Marius Wulfsberg, Dagbladet.
I den mørke skogen.
Ein mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til slutt inn på ein skogsveg med djupe hjulspor. Han stoppar ikkje før bilen står bom fast i ei tuve og kjem korkje fram eller tilbake. Det byrjar å snø, det blir mørkt og kaldt. I staden for å gå etter hjelp går mannen innover på ein sti i skogen. Han gjer det sjølv om det allereie har vorte så mørkt at han knapt ser …
Ebok
288,-
Lydbok
332,-
Undertittel
forteljing
Forlag
Samlaget
Utgitt
5 januar 2023
Lengde
71 sider
Sjanger
Skjønnlitteratur, Romaner
Serie
Nobel-serien
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788234009822
TERNINGKAST 6 - Marius Wulfsberg, Dagbladet.
I den mørke skogen.
Ein mann køyrer av garde utan å vita kvar han skal. Han vekslar mellom å ta til høgre og til venstre og kjem til slutt inn på ein skogsveg med djupe hjulspor. Han stoppar ikkje før bilen står bom fast i ei tuve og kjem korkje fram eller tilbake. Det byrjar å snø, det blir mørkt og kaldt. I staden for å gå etter hjelp går mannen innover på ein sti i skogen. Han gjer det sjølv om det allereie har vorte så mørkt at han knapt ser noko mellom trea, og sjølv om han tenkjer det er toskeskap å gjera slikt.
«Særleg verre enn dette hadde eg vel aldri oppført meg, fyrst køyre bilen min fast og så gå inn i skogen for å finne hjelp, korleis kunne eg vel koma på tanken at det var hjelp å finne i skogen, i svarte skogen inne, for ein tanke, nei det vart aldeles feil å kalle det for ein tanke, det var meir eit påhitt, noko slikt, eitkvart eg berre hadde kome på. Tullete, var det. Reine toskeskapen. Dumskap. Rein og skir dumskap.»
«Kvitleik» er ei lysande forteljing om grensa mellom liv og død.
«Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.»
Frå grunngjevinga til Svenska Akademien.
«Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.»
Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien.