Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Båtar i Møre og Romsdal (Dei gamle forsto mykje #2) ebok
579,-
Del 1 av denne serien er fire bøker om Nordlandsbåten og Åfjordsbåten som kom ut i 1990. Det har teke mange år, men no er endeleg del 2 i kjømda og vil omfatte båtar i Møre og Romsdal. Også del 2 vil bli på fire band. Denne boka (band 1 i del 2) tek for seg prosessen med og tankar attom det å byggje ein geitbåt. Denne båttypen har sitt kjerneområde på Nordmøre, men han finst også i Romsdal og i dei sørlegaste delane av Sør-Trøndelag. Geitbåten er den mest «geometriske» av dei tradisjonsbåtane…
Ebok
579,-
Undertittel
Band 1 : Å tenkje geitbåt - og byggje ein
Forlag
Fagbokforlaget
Utgitt
30 juni 2019
Lengde
320 sider
Sjanger
Sport og fritid, Fagbøker, Teknologi og ingeniørfag, Hobby og fritid
Serie
Dei gamle forsto mykje
Nummer i serie
2
Språk
Nynorsk
Format
pdf
DRM-beskyttelse
LCP
ISBN
9788245030891
Del 1 av denne serien er fire bøker om Nordlandsbåten og Åfjordsbåten som kom ut i 1990. Det har teke mange år, men no er endeleg del 2 i kjømda og vil omfatte båtar i Møre og Romsdal. Også del 2 vil bli på fire band. Denne boka (band 1 i del 2) tek for seg prosessen med og tankar attom det å byggje ein geitbåt. Denne båttypen har sitt kjerneområde på Nordmøre, men han finst også i Romsdal og i dei sørlegaste delane av Sør-Trøndelag. Geitbåten er den mest «geometriske» av dei tradisjonsbåtane vi kjenner til. Så og seia heile forma let seg definere ved hjelp av enkle brøkar på visse grunntal som båten er bygd i kring. Dertil er «halve» båten hoggen i fasong. Samstundes er han svært vakker. Bildet på framsida fortel om både mjuke og spenstige linjer. Som teknologi og prinsipp for å gjeva form representerer han noko svært avansert og som vi kan følgje med konkrete funn heilt attende til 1500-talet. Geitbåten er ei viktig kjelde til innsikt i norske båttradisjonar, og han har såleis interesse langt ut over der han høyrer heime. Som innfallsvinkel til forståing bør denne boka kunne gi tankestoff og inspirasjonar til mange. Å halde liv i geitbåten som levande tradisjon er å føre vidare ein sentral del av vår kultur. Vi har ikkje lov til å la vera. Gjer som brørne Solvang, kjøp geitbåt og bruk han!