Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Soga om Geirmund Heljarskinn ebok
249,-
Kven var eigentleg denne Geirmund Heljarskinn, kongesonen frå Avaldsnes i Rogaland som vart den mektigaste landnåmsmannen på Island på slutten av 800-talet? Dette var eitt av mange spørsmål Bergsveinn Birgisson for nokre år sidan stilte seg i boka Den svarte vikingen. For Geirmund var definitivt ein mann ei soge verdig, men det finst inga soge! Denne svært påfallande mangelen nærmar seg her ei oppklaring. For no er soga om Geirmund Heljarskinn endeleg funnen!
Birgisson fortel her i eit foror…
Ebok
249,-
Lydbok
399,-
Forlag
Pelikanen
Utgitt
26 oktober 2016
Lengde
336 sider
Sjanger
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788293237839
Kven var eigentleg denne Geirmund Heljarskinn, kongesonen frå Avaldsnes i Rogaland som vart den mektigaste landnåmsmannen på Island på slutten av 800-talet? Dette var eitt av mange spørsmål Bergsveinn Birgisson for nokre år sidan stilte seg i boka Den svarte vikingen. For Geirmund var definitivt ein mann ei soge verdig, men det finst inga soge! Denne svært påfallande mangelen nærmar seg her ei oppklaring. For no er soga om Geirmund Heljarskinn endeleg funnen!
Birgisson fortel her i eit forord om då han i 2014 vart kontakta av ein islandsk venn og kollega som hadde gjort eit sensasjonelt funn blant nokre avlagde dokument i det islandske nasjonalbiblioteket. Ein kopi av eit skinninnbunde handskrift frå eit no forsvunne kloster på Vest-Island, som gjev seg ut for å vere nettopp denne manglande soga. - og med det ei av dei tidlegaste innan soge-sjangeren og om mannen som vert sagd å vere den mektigaste av alle i Islands eldste historie.
Viss det heile då ikkje er eit plagiat og eit falsum...