Raudt støv - Bok 1 : roman (lydbok) av Tore Kvæven
Legg til i ønskeliste
Tore Kvæven (forfatter), Anderz Eide (innleser)

Raudt støv (Raudt støv #1) lydbok

306,- Veil. pris: 349,-Spar: 43,-
TERNINGKAST 6 - Valerie Kubens, Fædrelandsvennen. Terningkast 6! En usedvanlig billedrik og vakker roman. - Fædrelandsvennen.Mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore Kvæven. Nominert til Sørlandets litteraturpris! Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Dei er i fiendens habitat, jakta av avanserte blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei s…
Lydbok 306,- Ebok 288,-

Andre har også kjøpt

Undertittel Bok 1 : roman
Forfattere Tore Kvæven (forfatter), Anderz Eide (innleser)
Forlag Samlaget
Utgitt 13 oktober 2023
Lengde 6:41
Sjanger Fantasy og science fiction, Skjønnlitteratur
Serie Raudt støv
Nummer i serie 1
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234008559
TERNINGKAST 6 - Valerie Kubens, Fædrelandsvennen. Terningkast 6! En usedvanlig billedrik og vakker roman. - Fædrelandsvennen.

Mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore Kvæven. Nominert til Sørlandets litteraturpris! Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Dei er i fiendens habitat, jakta av avanserte blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt med regnskogens evigvarande fukt og stank. Den verdsomspennande krigen har vart i 17 år. I Australia er det berre ein liten by i nordvest som enno klarer å halde stand mot fienden. Sentralt i forsvaret står John Arnhems spesialeining Dronningas jegerar. Men krigen og alt John Arnhem har trudd på, er i endring. Den sigeren han ein gong trudde han skulle oppleva, synest fjernare enn nokon gong. Medan krigsmaskineriet rullar fram i all sin brutalitet, finst naturen der, også den full av elende, men òg av livskraft. Medan menneska manøvrerer mot sin eigen undergang, gjer villhestane som dei alltid har gjort, dei følgjer flokken og instinktet og gjer kva dei kan for å overleve.