Vestlandsvegar - historier om farlege og spektakulære vegstrekk (lydbok) av Halvor Folgerø
Gratis utdrag
Halvor Folgerø , Halvor Folgerø (innleser)

Vestlandsvegar lydbok

349,-
Den folkekjære forfattaren Halvor Folgerø teiknar eit bilete av kvardagslivet på Vestlandet med smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I denne boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Ørnevegen i Geiranger. Andr…
Den folkekjære forfattaren Halvor Folgerø teiknar eit bilete av kvardagslivet på Vestlandet med smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I denne boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Ørnevegen i Geiranger. Andre er meir bortgøymde, men alle ligg i dramatisk natur, og har vore krevjande å ferdast på. Dette er historia om då vegane vart bygde, men minst like viktig er forteljinga om korleis det var å leve med slike vegar. Det kunne vere nervepirrande, særleg om vinteren. Posten skulle fram, varene skulle leverast og elevane skulle på skulen. Som regel gjekk det bra, men ikkje alltid. Det handlar om hårnålssvinger, rygging på stup, kork og kø, skrekkslagne turistar, fødsel i førarhus, dramatiske ras og utforkøyringar. Nokre historier er nesten ikkje til å tru, som forteljinga om dei tre unggutane som var på veg ned Tokagjelet i Hardanger vinteren 1975. Dei fekk sleng på bilen, fauk over støypekanten, svevde 50 meter i fritt fall, men landa i ei mjuk snøfonn. Alle tre kom frå det utan større fysiske skader. Halvor Folgerø (f.1967) er journalist, musikar og forfattar frå Stord. Han har i ei årrekkje vore tilsett i NRK.
Lydbok 349,-

Flere bøker av samme forfatter

Andre har også kjøpt

Undertittel historier om farlege og spektakulære vegstrekk
Forfattere Halvor Folgerø (forfatter), Halvor Folgerø (innleser)
Forlag Samlaget
Utgitt 19.06.2025
Lengde 3:58
Sjanger Historie, Dokumentar og fakta, Hobby og fritid, Sport og fritid
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234014666

Den folkekjære forfattaren Halvor Folgerø teiknar eit bilete av kvardagslivet på Vestlandet med smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell.

I denne boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Ørnevegen i Geiranger. Andre er meir bortgøymde, men alle ligg i dramatisk natur, og har vore krevjande å ferdast på. Dette er historia om då vegane vart bygde, men minst like viktig er forteljinga om korleis det var å leve med slike vegar. Det kunne vere nervepirrande, særleg om vinteren. Posten skulle fram, varene skulle leverast og elevane skulle på skulen. Som regel gjekk det bra, men ikkje alltid.

Det handlar om hårnålssvinger, rygging på stup, kork og kø, skrekkslagne turistar, fødsel i førarhus, dramatiske ras og utforkøyringar. Nokre historier er nesten ikkje til å tru, som forteljinga om dei tre unggutane som var på veg ned Tokagjelet i Hardanger vinteren 1975. Dei fekk sleng på bilen, fauk over støypekanten, svevde 50 meter i fritt fall, men landa i ei mjuk snøfonn. Alle tre kom frå det utan større fysiske skader.

Halvor Folgerø (f.1967) er journalist, musikar og forfattar frå Stord. Han har i ei årrekkje vore tilsett i NRK.


Ingen vurderinger ennå