For ope hjarte - noveller (lydbok) av Anna Gavalda
Premium
Legg til i ønskeliste
Anna Gavalda (forfatter), Endre Hellestveit (innleser), Ane Barmen (innleser)

For ope hjarte lydbok

379,-
Sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske. Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva - den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fanga i kjærleiken til ein mann som aldri vil gå frå kona si. Ein storbedriftsleiar skriv brev til den døde naboen sin frå eit hotellrom i Seoul, og ei ungjente frå Paris aust møter …
Lydbok 379,- Ebok 329,-
eller Lytt gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager

Andre har også kjøpt

Undertittel noveller
Forfattere Anna Gavalda (forfatter), Tove Bakke (oversetter), Endre Hellestveit (innleser), Ane Barmen (innleser)
Forlag Samlaget
Utgitt 15 desember 2021
Lengde 5:33
Sjanger Skjønnlitteratur, Noveller
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234008856
Sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske. Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva - den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fanga i kjærleiken til ein mann som aldri vil gå frå kona si. Ein storbedriftsleiar skriv brev til den døde naboen sin frå eit hotellrom i Seoul, og ei ungjente frå Paris aust møter ein rikmannsgut som drøymer om å bli poet. Ho veit ho alltid vil ha kjærleiken frå dyra ho arbeider med - men kan ho stole på kjærleiken frå eit anna menneske? Vi møter menneske i ulike samfunnslag og livssituasjonar, to kvinner og fem menn - som alle ber med seg ei eller anna form for sorg eller einsemd, og som no gjer eit forsøk på å opne seg for andre. Gavalda viser nok ein gong at ho har eit eige tak på å skildre menn. Ei gripande, humoristisk og særeigen bok, i eit finurleg og usentimentalt språk frå forfattaren av Saman er ein mindre aleine. Boka var kortlista til The Grand Prix of Literary Associations i 2017.