Legg til i ønskeliste
Johannes openberring (Bibelen #67) lydbok
99,-
Apokalypsen - den siste boka i bibelen. Bokens greske tittel, «apokalypse», betyr openberring eller avsløring av noko som er skjult. Med sterke fargar mel forfattaren «bilde» av dei siste tidene i verda. Openberringa er skriven medan det romerske riket var ei stormakt. Det var prega av vald og avgudsdyrkelse, og nådelause forfølgingar av dei kristne. Forfattaren, som sjølv sat fanga på ei øy, ville seie at slike stormakter ikkje kan bli ståande, og at Gud har vunne ein evig siger gjennom Jesu d…
Lydbok
99,-
Apokalypsen - den siste boka i bibelen. Bokens greske tittel, «apokalypse», betyr openberring eller avsløring av noko som er skjult. Med sterke fargar mel forfattaren «bilde» av dei siste tidene i verda. Openberringa er skriven medan det romerske riket var ei stormakt. Det var prega av vald og avgudsdyrkelse, og nådelause forfølgingar av dei kristne. Forfattaren, som sjølv sat fanga på ei øy, ville seie at slike stormakter ikkje kan bli ståande, og at Gud har vunne ein evig siger gjennom Jesu død og oppstandelse. All vald og urett skal få ein ende når Jesus kjem tilbake for å dømme verda. Boka inneheld mange sitat og symbol frå profetane Esekiel og Daniel i GT. Dei var òg tatt til fange av ei stormakt: Babylonia. Men boka er ikkje ein «fasit» over kva som kjem til å hende. Målet er å avsløre sanninga bak gangen til historia, og oppmuntre dei kristne til å halde fast på trua og håpt på trass av liding og katastrofar, medan dei ventar på at Jesus skal komme tilbake. Openberringa har sitt namn etter apostelen Johannes, og er antakeleg skrive omkring 95 e.Kr. Kilde: Konfirmantbibelen, Bibelveiviser (c) Bibelselskapet 2022