Legg til i ønskeliste
Land ingen har sett (Familien fra Rekneslia #3) lydbok
199,-
«Land ingen har sett» er den tredje boka i serien av Edvard Hoems store familiekrønike. Romanen følgjer to brør gjennom deira beste manndomsår, Anton Edvard i Romsdal i Noreg og Eilert i Donalda på Alberta-prærien.
Begge brørne skal bygge seg opp frå nesten ingenting. Dei konkurrerer med kvarandre og inspirerer kvarandre og bruker stadig fleire av døgnets timar for å sikre eit betre liv seinare. I den store verda rasar første verdskrig, og titusenvis døyr i skyttargravene på vestfronten. Da …
Lydbok
199,-
Ebok
229,-
Forlag
Lydbokforlaget
Utgitt
15 november 2016
Lengde
10:27
Sjanger
Skjønnlitteratur, Romaner
Serie
Familien fra Rekneslia
Nummer i serie
3
Språk
Nynorsk
Format
mp3
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788242163974
«Land ingen har sett» er den tredje boka i serien av Edvard Hoems store familiekrønike. Romanen følgjer to brør gjennom deira beste manndomsår, Anton Edvard i Romsdal i Noreg og Eilert i Donalda på Alberta-prærien.
Begge brørne skal bygge seg opp frå nesten ingenting. Dei konkurrerer med kvarandre og inspirerer kvarandre og bruker stadig fleire av døgnets timar for å sikre eit betre liv seinare. I den store verda rasar første verdskrig, og titusenvis døyr i skyttargravene på vestfronten. Da krigen er slutt, endrar konjunkturane seg, og det viser seg at det er mange ting i livet som sjølv ikkje hardt arbeidande menn er herre over.
Den opprørske Gjertine, som no har vore tretti år på Dakota-prærien, legg ut på si siste store reise til ugjestmilde Ravenscrag i Saskatchewan, der sonen, som no skriv seg Severt Olson, har slått seg ned.
I Molde blir Serianna eit anna menneske på grunn av sorga som mannens død påfører henne. Ho snakkar med han som om han framleis var i live, og uttalar forbløffande sanningsord om krigen og tidene.
Ut av krigen og armoda blir ei ny tid til, med telefonlinjer, automobilar og ein musikk som skaper uro i gamle og unge menneskesinn.
«Land ingen har sett» er ei mangfaldig forteljing om sterke band mellom menneske som i dei fleste tilfelle aldri skal få sjå kvarandre igjen.