Professor Moreaus løyndom (lydbok) av Ragnar Hovland
Legg til i ønskeliste
Ragnar Hovland (forfatter), Anderz Eide (innleser)

Professor Moreaus løyndom lydbok

379,-
Premium
Eksotisk og erotisk krim med trådar til motstandsrørsla under krigen. Doktor Absens oppsøker kaptein Margalo for å få han til å løyse mysteriet med den polske motstandskvinna som forsvann rett etter krigen. Og dermed er ei spennande jakt gjennom fleire verdsdelar i gang. «Professor Moreaus løyndom» har alle trekka til ein ekte røvarroman. Her er forførande kvinner, eksotiske utlendingar, mektige myndigheiter og forfylla sjømenn. Med ein galen professor og ein kaptein på leiting i si eiga …
Lydbok 379,- Ebok 329,-
eller Lytt gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager

Andre har også kjøpt

Forfattere Ragnar Hovland (forfatter), Anderz Eide (innleser)
Forlag Samlaget
Utgitt 7 desember 2021
Lengde 5:49
Sjanger Skjønnlitteratur, Romaner
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234008603
Eksotisk og erotisk krim med trådar til motstandsrørsla under krigen. Doktor Absens oppsøker kaptein Margalo for å få han til å løyse mysteriet med den polske motstandskvinna som forsvann rett etter krigen. Og dermed er ei spennande jakt gjennom fleire verdsdelar i gang. «Professor Moreaus løyndom» har alle trekka til ein ekte røvarroman. Her er forførande kvinner, eksotiske utlendingar, mektige myndigheiter og forfylla sjømenn. Med ein galen professor og ein kaptein på leiting i si eiga fortid er det duka for absurditetar. Her er talrike drap og attentat i ei fargerik forteljing som ikkje akkurat bleiknar når hovudpersonen omsider får innsyn i professor Moreaus løyndom. Hovland viser seg frå ei anna side i denne boka, men det absurde er likevel på plass, og vi finn mang ei setning som er verd å klippe ut og henge på veggen. Vel så mykje som romanen stiller spørsmål om hendingar, stiller han spørsmål om røyndommen - og avsluttinga er kanskje vel så overraskande for lesaren som for kaptein Margalo? Kuriosum: «Professor Moreaus løyndom» var ein av tre førsteprisvinnarar i Samlagets konkurranse for underhaldningsromanar i 1985.