Stengd gitar - roman (lydbok) av Jon Fosse
Legg til i ønskeliste
Jon Fosse (forfatter), Anderz Eide (innleser)

Stengd gitar (Nobel-serien) lydbok

379,-
Premium
Liv er 20 år og bur i ei toromsleilegheit med sin eittårige son. Ho skal berre kaste boset, men døra smekkar att bak henne, og inne i leilegheita er den vesle sonen hennar heilt åleine. Den unge mora er hjelpelaus, mentalt forvirra og ute av stand til å løyse vansken med den stengde døra. Tanken på ungen, ungen som skrik, ungen som søv, ungen åleine i senga, kvernar i hovudet hennar. Samstundes med denne marerittaktige historia rullar historia om fortida hennar opp. Stengd gitar er Jon Fosse si…
Lydbok 379,- Ebok 329,-
eller Lytt gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager

Andre har også kjøpt

Undertittel roman
Forfattere Jon Fosse (forfatter), Anderz Eide (innleser)
Forlag Samlaget
Utgitt 19 desember 2022
Lengde 5:21
Sjanger Skjønnlitteratur, Romaner
Serie Nobel-serien
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234009303
Liv er 20 år og bur i ei toromsleilegheit med sin eittårige son. Ho skal berre kaste boset, men døra smekkar att bak henne, og inne i leilegheita er den vesle sonen hennar heilt åleine. Den unge mora er hjelpelaus, mentalt forvirra og ute av stand til å løyse vansken med den stengde døra. Tanken på ungen, ungen som skrik, ungen som søv, ungen åleine i senga, kvernar i hovudet hennar. Samstundes med denne marerittaktige historia rullar historia om fortida hennar opp. Stengd gitar er Jon Fosse sin andre roman og kom for første gong ut i 1985. Romanen er seinare omarbeidd for teateret. Frå grunngjevinga til Svenska Akademien for tildelinga av Nobels litteraturpris 2023 til Jon Fosse: «Nobelpriset i litteratur år 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara'.» «Det finns en djup värme och naiv blottställdhet i hans avskalade bilder av mänsklig erfarenhet.» Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien. Om "Stengd gitar": "Jon Fosse er en av de få som med talent og hell prøver å gjøre noe mer ut av romanformen. Stengd gitar er ikke først og fremst en historie, en fortelling, men en skildring, en gjengivelse av en tilstand." Eiliv Eide, Bergens Tidende «Nettopp fordi form og innhald her er eitt, fordi desperasjonen og den manglande sosiale kontakten speglar seg i handling, ordval og språkrytme, opplever eg Stengd gitar som eit medrykkande og godt gjennomført litterært eksperiment» Steinar Sivertsen, Rogalands Avis Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland, og mottok Nobels litteraturpris 2023.