Due og drone lydbok
Aust i Finnmark oktober 1944: Kcenia Nyslåttbuktmo vaskar hjartet til den vesle Pøyken sin med snø, skurar ned heile huset, mjølkar kua. Finnmark brenn.
Frå London kjem fabrikkarbeidar og fenrik Olav Sima («Han kan rima!») med oppdrag å avhøyra ein tysk offiser med mykje å lyga om.
Etter freden, midt i Oslo, leverer advokatane skarpskodde skriv om kor lite hopehav det var mellom norske kapitalistar og tyskarane. Pengar luktar ikkje, bortsett frå ein mild eim av cyanid.
På Bjølsen aust i Oslo: Den tvangsevakuerte Kcenia står på mjølkebutikken, konstabel Sima patruljerer gatene, studerer juss og held orden i mjølkekøen. Å få orden på Pøyken er ikkje like lett.
Endå mykje lenger aust øver vesle Oksana Starkopf trufast på piano, og arvar eit skrin med eit manuskript i.
Etterkrigstida strammar grepet. Olav Sima blir jurist, Pøyken blir verre og verre. Begge tar ofte turen vest, over fjellet, og vidare over Atlanteren, der Sambandsstatane tar imot dei med opne armar.
På underjordisk vis er verda kabla saman. Vest møter Aust, i Norge og i den vide verda.
Due og drone er forteljinga om dette.
Anmelderne mener:
«Glødende Fløgstad!»
VG
«Ei litterær storhending.»
Stavanger Aftenblad
«Fløgstad tar pusten fra deg.»
Dagbladet
«Må bli høstens litterære høydepunkt»
Tønsbergs Blad
«Kjartan Fløgstad refser og glefser som bare han kan i dette rødglødende romanoppgjøret med løgn og unnfallenhet i norsk etterkrigshistorie. (…) Fløgstad-fans vil fryde seg over en roman av ypperste merke, som flommer over av litterært overskudd.»
Sindre Hovdendakk, VG
«Diktning, politisk kritikk i form av ramsalte framskrivinger og en thrilleraktig jakt på Olav H. Hauges forsvunne krigsdagbøker går her opp i en høyere enhet. Vi har å gjøre med en ambisiøs roman, et festfyrverkeri som etterlater alvorlige problemstillinger.»
Inger Bentzrud, Dagbladet
«Fabelaktige, fleipande, fandenivoldske Fløgstad. (…) Ei litterær storhending. (…) Det pendlar gjennom rom og tid, viltert og barokt, på unikt Fløgstad-vis. Og kontroversielt om norsk industri under hakekorset. Kort sagt: Storarta!» (…)
«For sjølvsagt er «Due og drone» ein så tett mosaikktekst - med mykje kunnskapsbasert stoff, lasta til randen med stramme scener, dramatiske forviklingar, stadig nye politiske finter eller svingslag retta mot ei rekkje nordmenn, russarar, tyskarar og amerikanarar, fiktive som faktiske – at ein aviskritikk i Stavanger Aftenblad umogleg kan yta fabulatoren og tendensdiktaren Kjartan Fløgstad full rettferd.»
Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad
«Ved å ta i bruk hele sitt litterære repertoar: språklig ekvilibrisme, satire, ironi, poesi og prosa, spår jeg at dette må bli en av bokhøstens litterære høydepunkt. (…) Kjartan Fløgstads skarpe og tidvis ironiske stil byr leseren på mange herlige stunder.»
Finn Stenstad, Tønsbergs Blad
«Den historisk-litterære metoden til Fløgstad er givande og krevjande, og det er på same tid forvirrande og pirrande å lese romanen for første gong.»
Eivind Myklebust, Klassekampen
«Det er det som e...