Elskarane mine lydbok
TERNINGKAST 5 - Lone Bodot, Bergens Tidende.
TERNINGKAST 5 - Joakim Tjøstheim, Dagbladet.
To menn bryt ut av fengsel og har planlagt å overleve på bær, sniglar og kumjølk, men veit ikkje at dei lir av kuskrekk. Ei kvinne sit i kø utanfor Marc Jacobs-butikken då ho trur ho blir vitne til sitt andre mord for året. Nokre skatteoppkrevjarar fortvilar over tilstanden til gardane som ligg under den s…
To menn bryt ut av fengsel og har planlagt å overleve på bær, sniglar og kumjølk, men veit ikkje at dei lir av kuskrekk. Ei kvinne sit i kø utanfor Marc Jacobs-butikken då ho trur ho blir vitne til sitt andre mord for året. Nokre skatteoppkrevjarar fortvilar over tilstanden til gardane som ligg under den store blåisen på 1700-talet, mens ei kvinne strevar med dagsopplegget sitt med elleve elskarar.
I novellesamlinga Elskarane mine er prosaen uføreseieleg og rik. Det underlege vender seg mot det nære, og om kjærleiken er størst av alt, finst det likevel eldgamle, einsame hjarte kledd i spindelvev murt inn i stolpar i kyrkjer, og ein lengt som ein kan undre seg på om faktisk er bitte litt større. Elskarane mine er eit nytt kvantesprang i forfattarskapet til Gunnhild Øyehaug.
