Legg til i ønskeliste
Den store tømmerdrifta lydbok
199,-
Premium
"Kvar haust så lenge eg minnest attende hadde far min tømmerdrift. I dei fyrste dagane etter Mikaelsmess marknaden vart det eit svare ståk på garden av folk og hestar. Da kom lauskarar og tok på seg hogging. Og køyrekarar som skodde hestar og vølte køyredoning og skrangla i selar og lekkjer. Hamrane klinka og song i smia. Slipesteinen ylte og kvein under øksekjeftane. Og framved buveggen stod neverkuntane, fylte med tung rnatvare, og kaffikoppen og tobakrullen øvst under det halvopne loket. Han…
Lydbok
199,-
Kan spilles i våre gratis apper for iPhone/iPad og Android
Kan spilles i EBOK.NO-appene
Forlag
Cappelen Damm
Utgitt
19 november 2015
Lengde
2:04
Sjanger
Ungdomsbøker
Språk
Nynorsk
Format
mp3
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788202417703
"Kvar haust så lenge eg minnest attende hadde far min tømmerdrift. I dei fyrste dagane etter Mikaelsmess marknaden vart det eit svare ståk på garden av folk og hestar. Da kom lauskarar og tok på seg hogging. Og køyrekarar som skodde hestar og vølte køyredoning og skrangla i selar og lekkjer. Hamrane klinka og song i smia. Slipesteinen ylte og kvein under øksekjeftane. Og framved buveggen stod neverkuntane, fylte med tung rnatvare, og kaffikoppen og tobakrullen øvst under det halvopne loket. Han far gjekk mellom bua og stallen og smia og drengestua dagen lang - vog ut vare, smidde lekkjer og kilar, skjefte øksar og tinga med karane. Og eg fylgde med og dilta etter alle stader, og stunda mot den dagen da eg sjølv kunne få vera med åt tømmerskogen."