Legg til i ønskeliste
Kjære søster lydbok
179,-
Premium
Når eit ungt menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet. Då Amalie døyr tar storesøstera Eli Anne over administrasjonen av Facebook-profilen hennar. Nokre månader seinare vil Eli Anne legge profilen ned - ta ein endeleg avskjed. Ho har allereie fjerna alle venene til Amalie, men kvir seg for å ta det sist…
Lydbok
179,-
Ebok
229,-
Kan spilles i våre gratis apper for iPhone/iPad og Android
Kan spilles i EBOK.NO-appene
Forlag
Cappelen Damm
Utgitt
28 november 2015
Lengde
1:36
Sjanger
Ungdomsbøker
Språk
Nynorsk
Format
mp3
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788202502072
Når eit ungt menneske døyr i dag, står gjerne Facebook-veggen igjen etter det. I mange tilfelle lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Profilen blir ei minnebok, men også ei slags forlenging av livet. Då Amalie døyr tar storesøstera Eli Anne over administrasjonen av Facebook-profilen hennar. Nokre månader seinare vil Eli Anne legge profilen ned - ta ein endeleg avskjed. Ho har allereie fjerna alle venene til Amalie, men kvir seg for å ta det siste steget. Eli Anne skriv på veggen til Amalie og ser attende på forholdet mellom dei - på endringar av status, på løgner og sjalusi, men også på kjærleiken mellom to søstrer. Det var så mykje ho aldri fekk sagt mens Amalie levde. Kjære søster, skriv Eli Anne på Amalies Facebook-vegg. Ho vil ikkje ha noko uoppgjort når ho legg profilen ned og tek endeleg farvel. Romanen Kjære søster er ei forteljing som rommar både sorg, anger og skam - men også glede, livskraft og håp. Det er også ein roman om musikk, der ulike musikksjangrar og ulike kunstsyn får bryne seg mot kvarandre.