Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Livvakt ebok
299,-
Med pistolen klar.
Enkelte norske politikarar kan ikkje bevege seg utanfor døra utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. Her blir vi med på innsida av eit av dei mest lukka miljøa i landet. Vi følgjer livvakt Svein Arne og fleire av kollegaene hans på oppdrag i Noreg og i utlandet.
Vi blir med i kvardagen deira, følgjer livvaktene under Nobelpris-utdelinga og blir med statsministeren til Irak og på juleferie heime i Bergen. Vi kjem tett på statsminister Erna Solberg og andre sentrale…
Ebok
299,-
Lydbok
379,-
Andre har også kjøpt
Undertittel
på innsida av PST
Forlag
Samlaget
Utgitt
14 oktober 2020
Lengde
284 sider
Sjanger
Politikk og samfunn, Biografier, Dokumentar og fakta
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788234000720
Med pistolen klar.
Enkelte norske politikarar kan ikkje bevege seg utanfor døra utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. Her blir vi med på innsida av eit av dei mest lukka miljøa i landet. Vi følgjer livvakt Svein Arne og fleire av kollegaene hans på oppdrag i Noreg og i utlandet.
Vi blir med i kvardagen deira, følgjer livvaktene under Nobelpris-utdelinga og blir med statsministeren til Irak og på juleferie heime i Bergen. Vi kjem tett på statsminister Erna Solberg og andre sentrale politikarar som har livvakter rundt seg til alle døgnets tider. Livvaktene hastar etter Jens Stoltenberg i skiløypene, dei posisjonerer seg mellom reolane når Abid Raja er i daglegvarebutikken, og dei er med statsministeren på ferie i utlandet. Korleis er det å leve med livvakter døgnet rundt?
Historia til den moderne livvakttenesta starta i 1945, få dagar etter at andre verdskrigen tok slutt. Dei kongelege hadde behov for vern etter at tyskarane hadde kapitulert. Det er heilt andre truslar i dag. For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje går bra. Slik tenkjer livvaktene i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.