Livvakt - på innsida av PST (lydbok) av Simon Frammarsvik Solheim
Legg til i ønskeliste

Livvakt lydbok

379,-
Med pistolen klar. Enkelte norske politikarar kan ikkje bevege seg utanfor døra utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. Her blir vi med på innsida av eit av dei mest lukka miljøa i landet. Vi følgjer livvakt Svein Arne og fleire av kollegaene hans på oppdrag i Noreg og i utlandet. Vi blir med i kvardagen deira, følgjer livvaktene under Nobelpris-utdelinga og blir med statsministeren til Irak og på juleferie heime i Bergen. Vi kjem tett på statsminister Erna Solberg og andre sentrale…
Lydbok 379,- Ebok 299,-
eller Lytt gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager

Andre har også kjøpt

Undertittel på innsida av PST
Forfattere Simon Frammarsvik Solheim (forfatter), Endre Hellestveit (innleser)
Forlag Samlaget
Utgitt 29 november 2022
Lengde 8:02
Sjanger Politikk og samfunn, Biografier, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234009617
Med pistolen klar. Enkelte norske politikarar kan ikkje bevege seg utanfor døra utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. Her blir vi med på innsida av eit av dei mest lukka miljøa i landet. Vi følgjer livvakt Svein Arne og fleire av kollegaene hans på oppdrag i Noreg og i utlandet. Vi blir med i kvardagen deira, følgjer livvaktene under Nobelpris-utdelinga og blir med statsministeren til Irak og på juleferie heime i Bergen. Vi kjem tett på statsminister Erna Solberg og andre sentrale politikarar som har livvakter rundt seg til alle døgnets tider. Livvaktene hastar etter Jens Stoltenberg i skiløypene, dei posisjonerer seg mellom reolane når Abid Raja er i daglegvarebutikken, og dei er med statsministeren på ferie i utlandet. Korleis er det å leve med livvakter døgnet rundt? Historia til den moderne livvakttenesta starta i 1945, få dagar etter at andre verdskrigen tok slutt. Dei kongelege hadde behov for vern etter at tyskarane hadde kapitulert. Det er heilt andre truslar i dag. For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje går bra. Slik tenkjer livvaktene i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.