Berre på leik (ebok) av Liv Anne Fossbråten
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Liv Anne Fossbråten (forfatter)

Berre på leik ebok

329,-
Når barn leikar, er dei skodespelarar, regissørar, rekvisitørar, scenografar og jamvel sufflørar. Dei kjenner sjølvsagt ikkje desse omgrepa, men i teateret høyrer omgrepa med i daglegtalen. Likskapen mellom rolleleik og teater er slåande, og kunnskapen frå teatervitskapen kan bidra til å forstå barns leik og å gjere det lettare å gi barn impulsar som stimulerer fantasi og kreativitet, og som munnar ut i leik og oppleving. Drama i barnehagen gir ei grunnleggande innføring i dramateori, og forfat…
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Liv Anne Fossbråten (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 22 januar 2025
Sjanger Fagbøker, Samfunnsvitenskap, Pedagogikk
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse LCP
ISBN 9788234008276
Når barn leikar, er dei skodespelarar, regissørar, rekvisitørar, scenografar og jamvel sufflørar. Dei kjenner sjølvsagt ikkje desse omgrepa, men i teateret høyrer omgrepa med i daglegtalen. Likskapen mellom rolleleik og teater er slåande, og kunnskapen frå teatervitskapen kan bidra til å forstå barns leik og å gjere det lettare å gi barn impulsar som stimulerer fantasi og kreativitet, og som munnar ut i leik og oppleving. Drama i barnehagen gir ei grunnleggande innføring i dramateori, og forfattaren legg vekt på samanhengen mellom dramafaget og barns leik, tema for tema. Forfattaren viser korleis barn har ei spontan forståing for dei grunnleggande elementa i drama, sjølv utan det vaksne fagspråket. Boka gir konkrete råd og tips om korleis ein kan legge til rette for å gi barna estetiske opplevingar gjennom teater og drama, musikk og visuell kunst. Å stimulere barna si eiga skaparevne og la dei oppleve kunst på sine eigne premissar er eit gjennomgåande tema, heile tida fagleg forankra i pedagogikk og teatervitskap. Boka er skriven for studentar i barnehagelærarutdanninga.

LIV ANNE FOSSBRÅTEN (f. 1952) er førstelektor ved Høgskolen i Østfold, der ho underviser i drama og munnleg kommunikasjon. Ho er utdanna lærar, skodespelar og teatervitar med hovudfag i teatervitskap. Ho har brei erfaring frå barnehage, barneskole, ungdomsskole og vidaregåande skole og var kunstnarisk leiar ved Teaterskolen for Barn og Ungdom i Halden. Ho er utdanna barnehagelærar og har mastergrad i pedagogikk. Ho har lang erfaring som pedagogisk leiar og spesialpedagog i barnehage, og arbeider i tillegg som forfattar. Ho har gjeve ut ei rekkje artiklar relaterte til barnehagen og etiske spørsmål.