Nynorskdidaktikk (ebok) av Hjalmar Eiksund
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Hjalmar Eiksund (forfatter), Gudrun Kløve Juuhl (forfatter), Kristin Kibsgaard Sjøhelle (forfatter)

Nynorskdidaktikk ebok

299,-
Den norske språksituasjonen fører til at ein som lærar kan få ansvaret for norskundervisninga i reine bokmålsklasser, reine nynorskklasser og i klasser der elevane har ulikt hovudmål. Alle lærarar skal kunne gi god opplæring i norsk, både til elevar som har nynorsk som sidemål, og til elevar som har nynorsk som hovudmål. Denne boka tek sikte på å gi eit didaktisk grunnlag for å gi god undervisning i nynorsk, uavhengig av denlokale språksituasjonen. Boka er skriven med utgangspunkt i siste utgåv…
Ebok 299,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Hjalmar Eiksund (forfatter), Gudrun Kløve Juuhl (forfatter), Kristin Kibsgaard Sjøhelle (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 13 februar 2023
Lengde 144 sider
Sjanger Fagbøker, Samfunnsvitenskap, Pedagogikk
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234003295
Den norske språksituasjonen fører til at ein som lærar kan få ansvaret for norskundervisninga i reine bokmålsklasser, reine nynorskklasser og i klasser der elevane har ulikt hovudmål. Alle lærarar skal kunne gi god opplæring i norsk, både til elevar som har nynorsk som sidemål, og til elevar som har nynorsk som hovudmål. Denne boka tek sikte på å gi eit didaktisk grunnlag for å gi god undervisning i nynorsk, uavhengig av denlokale språksituasjonen. Boka er skriven med utgangspunkt i siste utgåve av læreplanverket (LK20) og har eigne kapittel om nynorsk som både hovudmål og sidemål, nynorsk barne- og ungdomslitteratur, nynorsk fagskriving og andre inngangar til nynorskdidaktikk. Hjalmar Eiksund er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda. Han har undervisningserfaring frå ungdoms- og vidaregåande trinn, og arbeider i dag i hovudsak ved grunnskulelærarutdanningane. I forskinga si er han oppteken av skriving på barne- og ungdomstrinn, sosiolingvistikk og dialektkunnskap. Gudrun Kløve Juuhl er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Volda. Ho arbeider i barnehagelærarutdanninga og ved master i grunnskulelærarutdanning. I forskinga si er ho oppteken av barn og ungdoms eigne tekstar, skriving og literacy-praksisar. Kristin Kibsgaard Sjøhelle er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda. Ho arbeider ved master grunnskolelærarutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning, og har undervisningserfaring frå ungdoms- og vidaregåande trinn. I forskinga si er ho særleg oppteken av nynorsk som sidemål og skrivedidaktikk.