Legg til i ønskeliste
Eg er her enno lydbok
379,-
Premium
Den 6. desember 2019 er ein mild førjulsdag i Oslo. Eli Strand har vore hoven i ein fot, og skal på ein rask sjekk hos legen. Ho fryktar ingenting. I løpet av dagen får ho vite at ho har fått tilbakefall av kreft, og at sjukdomen er ulækjeleg. Eli Strand på nesten 50 år, lukkeleg gift og med ein tenåringsson, klarer knapt å gå eller å puste.
Denne boka har blitt til midt i alt det vanskelege, på dagar ho nesten ikkje har orka å stå opp og dagar ho har feira livet med sjampanje. Strand fortel…
Lydbok
379,-
Ebok
329,-
Kan spilles i våre gratis apper for iPhone/iPad og Android
Kan spilles i EBOK.NO-appene
Undertittel
livet med kreft
Forlag
Samlaget
Utgitt
14 oktober 2022
Lengde
4:05
Sjanger
Biografier, Dokumentar og fakta, Helse og livsstil
Språk
Nynorsk
Format
mp3
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788234010712
Den 6. desember 2019 er ein mild førjulsdag i Oslo. Eli Strand har vore hoven i ein fot, og skal på ein rask sjekk hos legen. Ho fryktar ingenting. I løpet av dagen får ho vite at ho har fått tilbakefall av kreft, og at sjukdomen er ulækjeleg. Eli Strand på nesten 50 år, lukkeleg gift og med ein tenåringsson, klarer knapt å gå eller å puste.
Denne boka har blitt til midt i alt det vanskelege, på dagar ho nesten ikkje har orka å stå opp og dagar ho har feira livet med sjampanje. Strand fortel om møtet med helsevesenet, om behandlinga og smertefulle biverknader og om den lammande angsten. Men ho fortel også om det som betyr mest av alt her i livet: kjærleiken, familien og venene.
«Eg er her enno» er ei bok om å vere dritlei livet som pasient, men også om å finne styrke og glede. Er det mogeleg å behalde håpet når legane seier at du sannsynlegvis ikkje har meir enn eit par år igjen?
Eli Strand (f. 1970) har vore journalist og programleiar i NRK og TV2. I dag arbeider ho med kommunikasjon for næringslivet og driv sitt eige selskap, der ho skriv tekstar og lagar filmar og podkast.