Legg til i ønskeliste
    
Hyttebok frå helvete lydbok
  
  
  299,-
  
Premium
        
        
        
      Are Kalvø vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet. Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake. Dette har aldri vore eit problem. Før no.
For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen. Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er. Ein dag måtte Kalvø innsjå at…
  
    Lydbok
    299,-
  
  
  
    Ebok
    199,-
  
  
  
    Kan spilles i våre gratis apper for iPhone/iPad og Android
  
  
  Kan spilles i EBOK.NO-appene
    Andre har også kjøpt
    Forlag
    Kagge
  
  
  
    Utgitt
    21 september 2018
    
  
  
  
  
    Lengde
    7:53
  
  
  
    Sjanger
    
      Sport og fritid, Dokumentar og fakta, Hobby og fritid
    
  
  
  
  
    Språk
    Nynorsk
  
  
    Format
    mp3
  
  
    DRM-beskyttelse
    Vannmerket
  
  
    ISBN
    9788248923145
  
Are Kalvø vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet. Likevel har han aldri blitt ein naturens mann. Han flytta til byen og såg seg aldri tilbake. Dette har aldri vore eit problem. Før no.
For nokre år sidan begynte Kalvø å miste venner til naturen. Gode venner, som før alltid var med på pub for å prate tull, begynte plutselig å gå i fjellet, legge ut bilde av skispor, og i fullt alvor seie sånt som at det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er. Ein dag måtte Kalvø innsjå at han ikkje hadde ein einaste facebook-venn som ikkje hadde lagt ut eitt einaste bilde av seg sjølv på eit fjell. For første gong sidan han blei tvinga til slikt på skulen, la Kalvø derfor ut på tur, på ski og til fots, for å finne igjen vennene sine. Og for å finne ut kva i alle dagar det er som skjer. Kva driv dei med på desse hyttene om kvelden? Kva snakkar dei om? Er det rom for å seie til nokon ein møter i fjellet at ein synest natur er oppskrytt? Eller blir det dårlig stemning då? Og kven reiser eigentlig frivillig på ferie til ein plass som heter Myggheim? «Hyttebok frå helvete» er ei svært morsom og litt sint bok om nordmenns merkelige forhold til naturen.
      
        