- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Å jage ein hjort i døden ebok
Dei fer bort frå sivilisasjonen dei kjenner for å danne ei ny samfunnsordning. Dei ror over fjorden, går i land på ei folketom øy og brenner båtane etter seg. Her skal det ikkje vere herskarar og undersåttar, her skal dei slette kvart einaste spor av det livet dei har levd. Barna skal gløyme kvar dei kjem frå, familiestrukturar skal løysast opp: alle vaksne skal vere tanter og onklar, alle barn systrer og brør. Dei skal leve av det naturen gjev dei, om nødvendig jage ein hjort i døden for å få mat. Men så vert ein av brørne sjuk, alvorleg sjuk. Og ei av systrene, ei tretten år gamal jente, oppdagar at hendene hennar har lækjande krefter. Evna hennar er ei gåve, men òg ein trugsel – mot ho, og mot det isolerte samfunnet ho lever i.
Med stor skaparkraft og poetisk stødig hand teiknar Svanhild Amdal Telnes eit portrett av ei ung jente i uvanlege omgjevnadar. Å jage ein hjort i døden er ei samling dikt om slit og svolt, men òg om samhald og kjærleik, om å ville overskride for å overleve, og om kor skjørt og utsett livet er for dei som vel å leve isolert.
Bokmeldarane meiner:
"I Å jage ein hjort i døden glir jenta som forteller, og en hjortekalv hun møter i skogen, over i hverandre: «eg er både hjorten / og jenta som ligg i buskane.» Diktsamlingen er som hjorten – omskiftelig og flyktig i sin symbolikk, men i høyeste grad også substansiell."
Maria Dorothea Schrattenholz, Vinduet
"Sjølv om dikta skildrar overskridande krefter, er dei disiplinerte, berre sjå alle dei gjennomførte motiva som har med overgangar, overskridingar og overgangsritar å gjere: overgangen frå fastlandet til øya, frå sivilisasjon til eit arkaisk, enklare samfunn, frå fellesskapen til individ til utanforskap, frå barn til vaksen, frå menneske til dyr. Språket er undrande, roleg, og det eig ei særeigen rørsle og kraft."
Sindre Ekrheim, Dag og Tid
"Telnes er god på å belyse ubalansen som kan oppstå i et samfunn der ingen i prinsippet eier noen ting."
Tora Ask Fossen, BLA