Premium
Legg til i ønskeliste
Butikksongar ebok
179,-
Bli med inn i eit fargerikt og bråkete landskap, alle som har handla inn til tirsdagsmiddagen kjenner det berre så altfor godt, og samtidig - kanskje ikkje i det heile?
I boka høyrer vi tre ulike stemmer fortelje historier om matvarer, menneske og liv i rørsle og stillstand. Ein butikkmann bur på ein stad alle drar frå, ei småbarnsmor drøymer om marknadskrefter og Adam Smith, og frå vindauget sitt ser ei eldre kvinne slaktebilen nærme seg.
Dikta er lett tilgjengelege, slik varene i hyllene er…
Ebok
179,-
Undertittel
dikt
Forlag
Aschehoug
Utgitt
31 juli 2020
Lengde
86 sider
Sjanger
Skjønnlitteratur, Lyrikk og dramatikk
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788203268113
Bli med inn i eit fargerikt og bråkete landskap, alle som har handla inn til tirsdagsmiddagen kjenner det berre så altfor godt, og samtidig - kanskje ikkje i det heile?
I boka høyrer vi tre ulike stemmer fortelje historier om matvarer, menneske og liv i rørsle og stillstand. Ein butikkmann bur på ein stad alle drar frå, ei småbarnsmor drøymer om marknadskrefter og Adam Smith, og frå vindauget sitt ser ei eldre kvinne slaktebilen nærme seg.
Dikta er lett tilgjengelege, slik varene i hyllene er det. Men pirk litt i overflata og spør deg sjølv: Når lytta du sist til musikken i butikken?
«Helene Hovden Hareide fangar både bygdelarm og slektenes klang i din diktdebut. ... Butikksongar er ei ganske ambisiøs debutbok, kledd i upretensiøse, ledige kvardagslege klede. Den gir lovnad om litteratur som er lett å lese, men med vektige tankar å tenkje vidare på.» Eivind Myklebust, Klassekampen
«... summande av liv og av lydar det kan vere verdt å lytte til.» Maria Horvei, Vårt Land
«Klok debut som vever sammen det lokale og det globale, og som gir følelsen av at alt henger sammen med alt.» Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
«Dikta til Hareide er tilforlatelege, skrivne fram i eit daglegdags, tidvis fragmentert, impresjonistisk språk beståande av mindre forteljande sekvensar som kjedar seg saman nedover sidene, og som vert til punkt og ofte til gode enkeltdikt. At Hareide evnar å skape ein fruktbar overordna samanheng til dikta, gjer at dei utvekslar tyding både internt og med overbygninga. Og nett det er imponerande.» Sindre Ekrheim, Dag og Tid
«Butikksongar er sympatisk og tilforlateleg - med klør.» Vidar Kvalshaug, Bok365