Vere og døy - døy å vere - dødslære (ebok) av Kjartan Hatløy
Kjartan Hatløy (forfatter)

Vere og døy - døy å vere ebok

249,-
Premium
«Kva ordet ER tyder? Truleg ei pågåande hending. Den blå krakken er. Den gule sveven med eit insekt i krona er. Kvar dag er sitt møte med meg, først med dei verande, så, langt etter, kan hende ting. Møtet òg med språket, som mirakuløst finst. Det er. Og i det set eg gang og spør: Kva skal vi anta stifta kosmos?» Heilt frå han var ein liten gut, har Kjartan Hatløy grunda på dette: Kva tyder «er»?…
«Kva ordet ER tyder? Truleg ei pågåande hending. Den blå krakken er. Den gule sveven med eit insekt i krona er. Kvar dag er sitt møte med meg, først med dei verande, så, langt etter, kan hende ting. Møtet òg med språket, som mirakuløst finst. Det er. Og i det set eg gang og spør: Kva skal vi anta stifta kosmos?» Heilt frå han var ein liten gut, har Kjartan Hatløy grunda på dette: Kva tyder «er»? Hatløy har levd med eksistensfilosofien i ein mannsalder, som filosofistudent, medan han jobba på verft, og i sitt kvardagslege gjenge. Omgrepet «vere» tek ein så sjølvsagt som det å puste. Men å undersøkje det, ta det som tema, det er å komme ut i ei uro over å vere til. I si fjortande bok tenkjer Hatløy omkring vere og det verande. Med Martin Heideggers hovudverk som springbrett har Hatløy skapt si dødslære. Det gjeld diktarens eige «vere til døden» - men han prøver òg å gå bakom døden: Samtidig som han undersøkjer meininga til vere, freistar han forstå spørsmålet om ikkje-vere. «Vere og døy - døy og vere» er ei førebuing, men òg ein slags audmjuk takk, frå ein av våre mest særmerkte lyrikarar.
Ebok 249,-
eller Gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager

Flere bøker av samme forfatter

Andre har også kjøpt

Undertittel dødslære
Forfattere Kjartan Hatløy (forfatter)
Forlag Oktober
Utgitt 16.09.2022
Lengde 119 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Lyrikk og dramatikk
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788249525850