Dei fordømte karikaturane - om maktspelet bak Muhammed-krisa (ebok) av Odd Isungset
Legg til i ønskeliste Les gratis utdrag
Odd Isungset (forfatter)

Dei fordømte karikaturane ebok

299,-
4. februar 2006 blei Norges ambassade i Syria brent ned av rasande demonstrantar. To dagar seinare skaut norske soldatar mot ei truande folkemengd i Afghanistan. Demonstrantane hevda at dei protesterte mot karikaturar av profeten Muhammed. Men er det sant at uroa skyldtest såra religiøse kjensler utløyst av nokre teikningar i eit land langt borte?I boka Dei fordømte karikaturane viser Odd Isungset korleis religiøse og politiske makthavarar i Egypt, Syria, Iran og Qatar brukte karikaturstriden f…
Ebok 299,-

Andre har også kjøpt

Undertittel om maktspelet bak Muhammed-krisa
Forfattere Odd Isungset (forfatter)
Forlag Aschehoug
Utgitt 23 september 2025
Lengde 500 sider
Sjanger Kunst og kultur, Politikk og samfunn, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788203457906
4. februar 2006 blei Norges ambassade i Syria brent ned av rasande demonstrantar. To dagar seinare skaut norske soldatar mot ei truande folkemengd i Afghanistan. Demonstrantane hevda at dei protesterte mot karikaturar av profeten Muhammed. Men er det sant at uroa skyldtest såra religiøse kjensler utløyst av nokre teikningar i eit land langt borte?

I boka Dei fordømte karikaturane viser Odd Isungset korleis religiøse og politiske makthavarar i Egypt, Syria, Iran og Qatar brukte karikaturstriden for å sikre eiga makt. I ei dramatisk dag for dag-forteljing skildrar han korleis aktørane handla, og resultatet er oppsiktsvekkande.

Forfattaren har fått tilgang til fortruleg kommunikasjon mellom Utanriksdepartementet og dei norske ambassadane da krisa råka, og nyttar dokumentasjon som ikkje tidlegare har vore kjent. Den angrande danske imamen Ahmed Akkari fortel om reiser til Midtausten med teikningar som aldri hadde vore publisert i Danmark, og om hemmelege møte med Hamas og Hizbollah.

20 år etter at teikningane først ble publisert, får vi ei ny forståing av saka og av kven som har ansvaret for at situasjonen spant ut av kontroll. Vi får også ny innsikt i kor hardt pressa utanriksminister Jonas Gahr Støre og Magazinet-redaktør Vebjørn Selbekk var under striden.