Legg til i ønskeliste
Kjønn og ukjønn ebok
299,-
Visste du at det i jarnalderen fanst folk som heitte Kjønnmund? Eller at ordet alskens er samansett av all og kjønn? I så fall er du unnataket som stadfester regelen: Dei fleste av oss veit fint lite om ordet kjønn. Men me møter det heile tida: Ordet dukkar stadig opp i aviser, debattar, grammatikkbøker, ID-papir, naturfagstimar - ingen slepp unna kjønn. Dette velkjende arveordet er lett å gripa til, men vanskeleg å få taket på. Kristin Fridtun vel å snika seg innpå kjønn bakfrå: Hen går histor…
Ebok
299,-
Undertittel
ordhistoriske essay
Forlag
Samlaget
Utgitt
23 november 2015
Lengde
143 sider
Sjanger
Politikk og samfunn, Biografier, Dokumentar og fakta
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788252189421
Visste du at det i jarnalderen fanst folk som heitte Kjønnmund? Eller at ordet alskens er samansett av all og kjønn? I så fall er du unnataket som stadfester regelen: Dei fleste av oss veit fint lite om ordet kjønn. Men me møter det heile tida: Ordet dukkar stadig opp i aviser, debattar, grammatikkbøker, ID-papir, naturfagstimar - ingen slepp unna kjønn. Dette velkjende arveordet er lett å gripa til, men vanskeleg å få taket på. Kristin Fridtun vel å snika seg innpå kjønn bakfrå: Hen går historisk til verks og grev i fortida til dette innfløkte ordet. Kvar kjem kjønn ifrå? Kvifor brukar me det annleis i dag enn dei gjorde for 400 og 800 år sidan? Kva meinte Ludvig Holberg med «det menniskelige Kiøns Fiende»?
Gjennom fem laust samanhengande essay kjem me kjønn nærmare inn på livet, men me får òg kjennskap til livet i dei kjønnslege utkantane. Fridtun skriv med utgangspunkt i sine eigne røynsler som transperson, og eit tilbakevendande tema er kjensla av å stå på utsida av det me kallar kjønn. Granskinga av ordet kjønn blir såleis eit springbrett til vidare drøftingar av kjønnskategoriar, rådande førestillingar om kjønn, tilhøvet mellom natur og kultur - og korleis omverda møter dei av oss som lever på sida av kjønnsnormalen.