Tøddel Blisterplytt - ei anna forteljing frå Bløygen (lydbok) av Rune Belsvik
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Hør gratis utdrag
Rune Belsvik (forfatter), Anderz Eide (innleser)

Tøddel Blisterplytt (Bløygen #2) lydbok

349,-
Dette er den andre forteljinga frå Bløygen. I Bløygen har dei alt, men keisemda ligg på lur. "Alle som budde i Bløygen syntes lenge dei budde på den beste staden i verda. Dei hadde ordfører. Dei hadde buss. Dei hadde tre butikkar, ein trøbbelkiosk, ein lyktestolpe, ein bussjåfør og ei avis. Det budde tretten folk i Bløygen. Dei hadde eit kor, ein veg og ei bru. Dei hadde ei elv som rann under brua. Dei hadde seg sjølv, og dei hadde kvarandre. - Ja, her har vi det godt, sa dei. - Ja, her er det …
Lydbok 349,-

Andre har også kjøpt

Undertittel ei anna forteljing frå Bløygen
Forfattere Rune Belsvik (forfatter), Anderz Eide (innleser)
Forlag Cappelen Damm
Utgitt 30 august 2024
Lengde 3:54
Sjanger Barnebøker, 6-9 år, Kjærlighet og vennskap
Serie Bløygen
Nummer i serie 2
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788202854003

Dette er den andre forteljinga frå Bløygen. I Bløygen har dei alt, men keisemda ligg på lur.

"Alle som budde i Bløygen syntes lenge dei budde på den beste staden i verda. Dei hadde ordfører. Dei hadde buss. Dei hadde tre butikkar, ein trøbbelkiosk, ein lyktestolpe, ein bussjåfør og ei avis.

Det budde tretten folk i Bløygen. Dei hadde eit kor, ein veg og ei bru. Dei hadde ei elv som rann under brua. Dei hadde seg sjølv, og dei hadde kvarandre.

- Ja, her har vi det godt, sa dei.

- Ja, her er det trygt og fint!

- Her kosar vi oss og har det triveleg, ja!

- Ja, nei her er det ikkje mykje kjedeleg!

- Kjedeleg her, nei!"

Men Keisemda ligg på lur. Ho ser alt og ho høyrer alt. Kva skjer med dei tretten folka i Bløygen om Keisemda slår kloa i dei? Kva skjer til dømes med ordføraren Rosina Myrl, eller med Bidger og Esmiluni, som var så utruleg forelska i den fyrste forteljinga frå Bløygen, VERDAS MEST FORELSKA PAR?