Drapet (Cherub #4) lydbok
Den fjerde lydboka i den populære CHERUB-serien! Ein rutineoperasjon for James utviklar seg til eit langt farlegare oppdrag ...
Leon er ein småkriminell som har levd på flaksen i tre tiår. Når han byrjar å strø om seg med store pengar, er politiet desperate etter å finne ut kvar pengane kjem frå. Spionane i CHERUB blir kalt inn. Dette er ein hemmeleg organisasjon med éin viktig fordel: Sjølv erfarne kriminelle mistenkjer aldri at born spionerer på dei. Det siste oppdraget til James ser rutineprega ut, men han oppdager snart at han har undervurdert saka. Han oppdager også at den einaste personen som kanskje veit sanninga, er ein 18 år gammal gut som held seg for seg sjølv. Det er berre eitt problem: Guten omkom i eit fall 13 månader tidlegare.
