Ro deg ned! - om kvinner, sinne og solidaritet (lydbok) av Solveig Mork Holmøyvik
Legg til i ønskeliste

Ro deg ned! lydbok

399,-
TERNINGKAST 6 - Tone Wang Stinessen, Bergens Tidende. Solveig Mork Holmøyvik var ei sint lita jente som vaks opp til å bli ei veloppdratt kvinne. Så vart ho mor og forstod at sinnet berre hadde lege i dvale. Når det no hadde vakna til live: Korleis skulle ho handtere det? Måtte sinnet temjast, eller kunne det gå an å bli ven med det? Ro deg ned! Om kvinner, sinne og solidaritet er forfattarens reise i sitt eige raseri. Samstundes undersøker ho …
Lydbok 399,- Ebok 299,-

Andre har også kjøpt

Undertittel om kvinner, sinne og solidaritet
Forfattere Solveig Mork Holmøyvik (forfatter), Agenda Res Publica Media AS (forfatter), Line Starheimsæter (innleser)
Forlag Cappelen Damm
Utgitt 1 oktober 2024
Lengde 5:13
Sjanger Historie, Politikk og samfunn, Biografier, Helse og livsstil, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format mp3
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788202854447
TERNINGKAST 6 - Tone Wang Stinessen, Bergens Tidende.

Solveig Mork Holmøyvik var ei sint lita jente som vaks opp til å bli ei veloppdratt kvinne. Så vart ho mor og forstod at sinnet berre hadde lege i dvale. Når det no hadde vakna til live: Korleis skulle ho handtere det? Måtte sinnet temjast, eller kunne det gå an å bli ven med det? Ro deg ned! Om kvinner, sinne og solidaritet er forfattarens reise i sitt eige raseri. Samstundes undersøker ho temaet frå mange synsvinklar: psykologisk, politisk, kulturelt og biologisk. Kvifor blir vi sinte? Er det framleis slik at vi toler mindre sinne frå kvinner enn frå menn, til og med når sinne er heilt på sin plass? Og korleis har sinte kvinner blitt oppfatta gjennom historia, frå krigande valkyrjer til høglydte feministar i 1970-åra? Boka ser kritisk på sinne som maktmiddel, men er også ei hyllest til sunt sinne. Ho er skriven i solidaritet med dei kvinnene som ikkje torde å seie ifrå – og med dei som aldri roa seg ned, og som difor har fått noko til å skje.