 
    
    
    
    
    Legg til i ønskeliste
    
    
      Hør gratis utdrag
    
    
Prosessen (Skalds klassikarar) lydbok
  
  
  329,-
  
Prosessen (1925) er ein av dei mest vidgjetne romanane frå det tjuande hundreåret. Verket er omsett til tallause språk og kan sjåast som ein av dei grunnleggande tekstane for å skjøne det vi kallar den moderne livskjensla. Denne kritikarroste nynorske utgåva er omsett av Jon Fosse. Hovudpersonen K. blir tilsynelatande kasta inn i ei verd styrt av reglar og logikk som er ukjende både for han lesaren. Dette gir ein urovekkande og tidvis mørkt komisk effekt og gjer at boka kjennest aktuelt også id…
  
    Lydbok
    329,-
  
  
  
    Ebok
    179,-
  
  
    Forlag
    Skald
  
  
  
    Utgitt
    8 oktober 2025
    
  
  
  
  
    Lengde
    6:51
  
  
  
    Sjanger
    
      Skjønnlitteratur, Romaner
    
  
  
  
    Serie
    Skalds klassikarar
  
  
  
  
    Språk
    Bokmål
  
  
    Format
    mp3
  
  
    DRM-beskyttelse
    Vannmerket
  
  
    ISBN
    9788279594093
  
Prosessen (1925) er ein av dei mest vidgjetne romanane frå det tjuande hundreåret. Verket er omsett til tallause språk og kan sjåast som ein av dei grunnleggande tekstane for å skjøne det vi kallar den moderne livskjensla. Denne kritikarroste nynorske utgåva er omsett av Jon Fosse. Hovudpersonen K. blir tilsynelatande kasta inn i ei verd styrt av reglar og logikk som er ukjende både for han lesaren. Dette gir ein urovekkande og tidvis mørkt komisk effekt og gjer at boka kjennest aktuelt også idag. Franz Kafka skreiv manuset i hovudsak i 1914 og 1915, men det vart liggande uferdig. Før forfattaren døydde, bad han venen Max Brod om å øydeleggje dei uferdige manusa hans. Men Brod følgde ikkje ønsket, han pusla dei lause manussidene av Prosessen saman og publiserte verket. Det er Brods utgåve og rekkjefølgje som ligg til grunn for denne nyomsetjinga. Brod stod Kafka svært nær, og det er all grunn til å tru at hans utgåve også er den som står Kafka nærast. Franz Kafka (1883–1924) vert sett på som ein av dei viktigaste forfattarane på 1900-talet, og verka hans er ein uomgjengeleg del av verdslitteraturen. I levetida var den tyskspråklege, jødiske forfattaren lite kjend utanfor heimbyen Praha, men frå seint i 1920-åra påverka han både litteraturen og sjølvforståinga i heile det tjuande hundreåret. I dag er Franz Kafka den mest lesne tyskspråklege forfattaren i verda, og særpreget i forfattarskapen var sterkt nok til å gjere namnet hans til omgrep i språket. Når verda framstår framand for oss, kan vi kalla henne kafkask, og når styresmakter eller storkapitalismen yter oss urett, blir det fort ein kafka-prosess.Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
       
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
            
            
         
            
            
            
            
         
            
            
         
            
            
            
            
         
            
            
            
            
        