Dei som flyktar og dei som blir (ebok) av Ele
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Elena Ferrante (forfatter)

Dei som flyktar og dei som blir (Napoli-kvartetten #3) ebok

149,-
"Det samme skjer hver gang. Man åpner den store tykke boken og blir besatt." TERNINGKAST 6 i VG OM BOKA Eit djuptpløyande portrett av ei verd i dramatisk endring I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner. Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, mens Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for b…
149,-
159,- Veil. pris: 169,-Spar: 10,-
Undertittel mellomår - roman
Forfattere Elena Ferrante (forfatter), Kristin Sørsdal (oversetter)
Forlag Samlaget
Utgitt 1 mars 2016
Sjangrer Romaner, Skjønnlitteratur
Serie Napoli-kvartetten
Nummer i serie 3
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252188820
"Det samme skjer hver gang. Man åpner den store tykke boken og blir besatt." TERNINGKAST 6 i VG OM BOKA Eit djuptpløyande portrett av ei verd i dramatisk endring I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner. Elena giftar seg med ein akademikar og er ulykkeleg familiemor i Firenze, mens Lila kjempar for å overleve som lågtlønna fabrikkarbeidar, og tar del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår og meir demokrati. Begge kvinnene har frå dei var barn forsøkt å unnsleppe livet i bydelen der dei vaks opp, eit liv i fattigdom og ufridom. No drøymer Elena likevel om det livet Lila har. Dei som flyktar og dei som blir er ein roman om to kvinners liv i Italia på 70-talet, tiåret prega av arbeidarkamp, klassereise og kvinnefrigjering. Ein roman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølv utan den andre. Napoli-kvartetten er eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag. Frå italiensk ved Kristin Sørsdal. Bok IV i Napoli-kvartetten, Historia om det tapte barnet, kjem hausten 2016. OM FORFATTAREN ELENA FERRANTE er fødd i Napoli. Sidan debuten i 1992 har ho gitt ut fleire kritikarroste romanar. Napoli-kvartetten har gitt Ferrante internasjonalt gjennombrot. Rettane til bøkene er selde til 33 land, og bøkene har fått strålande kritikkar. Elena Ferrante er eit pseudonym. Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner identiteten til Elena Ferrante.
Betingelser for brukergenerert innhold Legg til din egen vurdering