Dei tilsette (ebok) av Olga Ravn
Legg til i ønskeliste
Olga Ravn (forfatter)

Dei tilsette ebok

210,- Veil. pris: 239,-Spar: 29,-
(0)
Dystopi om arbeidsliv, menneskeverd og framtida på jorda Mannskapet på «Det sekstusande skip» består av menneskelege og menneskeliknande tilsette. Då skipet får ei rekke gjenstandar om bord frå planeten Nyoppdaginga, byrjar dei tilsette å utvikle djupe tilknytingar til desse, utan at dei heilt skjønar kvifor. For somme vekker dei minne frå livet på jorda. For andre er det vanskeleg å sjå kor skiljet går mellom seg sjølv og omgivnadene, mellom menneske og ting. Dei tilsette er ein science…
Ebok 210,-
Forfattere Olga Ravn (forfatter), Inger Bråtveit (oversetter)
Forlag Samlaget
Utgitt 13 september 2021
Lengde 130 sider
Sjangrer Skjønnlitteratur, Science fiction, Romaner, Oversatt skjønnlitteratur , Sci-fi og fantasy
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234001703
Dystopi om arbeidsliv, menneskeverd og framtida på jorda Mannskapet på «Det sekstusande skip» består av menneskelege og menneskeliknande tilsette. Då skipet får ei rekke gjenstandar om bord frå planeten Nyoppdaginga, byrjar dei tilsette å utvikle djupe tilknytingar til desse, utan at dei heilt skjønar kvifor. For somme vekker dei minne frå livet på jorda. For andre er det vanskeleg å sjå kor skiljet går mellom seg sjølv og omgivnadene, mellom menneske og ting. Dei tilsette er ein science fiction-idéroman om bioteknologi, kunstig intelligens, klimautfordringar og arbeidsvilkår, og om kva det vil seie å vere menneskeleg. Boka er kompromisslaus i møte med eit av vår tids mest presserande spørsmål: Kva vil skje med menneskeverdet i eit samfunn basert på effektivisering og stadig aukande vekst? Olga Ravn (f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv om lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho mottok Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen Dei tilsette. Alle bøkene er utgitt på Samlaget i Inger Bråtveits omsetjing. I 2020 kom også romanen Mit arbejde, som er planlagt utgitt på norsk i 2022.