Den stille flokken - kriminalroman (ebok) av Lars Mæhle
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Lars Mæhle (forfatter)

Den stille flokken (Ina Grieg #3) ebok

329,-
(2)
Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne avretta, på ei avsidesliggjande glenne i marka. Saka viser seg å ha trådar tilbake til eit uløyst drap på ein rusmisbrukar på 1980-talet, men også til dunkle hendingar på Svanviken arbeidskoloni. Dit blei taterfamiliar tvangssende på 1960-talet for å lære seg «den norske, bufaste kultur». Nok ein gong blir psykolog og kampsportutøvar Ina Grieg motvillig trekt inn i ei drapssak. Ho slår seg saman me…
Ebok 329,- Lydbok 379,-

Andre har også kjøpt

Undertittel kriminalroman
Forfattere Lars Mæhle (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 7 februar 2017
Lengde 365 sider
Sjanger Krim
Serie Ina Grieg
Nummer i serie 3
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252193688
Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne avretta, på ei avsidesliggjande glenne i marka. Saka viser seg å ha trådar tilbake til eit uløyst drap på ein rusmisbrukar på 1980-talet, men også til dunkle hendingar på Svanviken arbeidskoloni. Dit blei taterfamiliar tvangssende på 1960-talet for å lære seg «den norske, bufaste kultur». Nok ein gong blir psykolog og kampsportutøvar Ina Grieg motvillig trekt inn i ei drapssak. Ho slår seg saman med tidlegare etterforskar Jon Fannrem i jakta på sanninga. Den stille flokken tek opp ein av dei mørkaste plettane i norsk historie: behandlinga av romanifolket gjennom 1900-talet. Gjennom tett, suggererande historieforteljing har bøkene om Ina Grieg blikket retta mot kva som ligg bak kriminelle handlingar: Kvifor blir enkelte forbrytarar - og andre ikkje? Kva kan få eit menneske til å gå over eigne moralske grenser? Når er eit motiv sterkt nok til at det rettferdiggjer hemn? Lars Mæhle (f. 1971 på Sunndalsøra) har skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Krimserien med psykolog Ina Grieg er kritikarrost og blir gitt ut på tysk av Ullstein Verlag, som også har Jo Nesbø på si forfattarliste.