Den vesle jenta og havet - korte forteljingar frå Røvær 1899-2044 (ebok) av Odd Eirik Færevåg
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Odd Eirik Færevåg (forfatter)

Den vesle jenta og havet ebok

329,-
Å finne trøyst i litteraturen. Ein vinterdag i 1985 køyrer ei lita jente det grå akebrettet til broren utfor vegen og fell uti sjøen på grunna. Der blir ho liggjande med andletet ned og druknar, berre fem år gammal. Tilbake står ein familie på to vaksne og tre barn. Ingen såg kva som skjedde. Mange år etterpå nærmar broren seg ulykka gjennom å skrive. Han finn glede og trøyst i å lese. I dialog med litteraturen leiter han etter ei form til skildringa av det som skjedde. Mercedes av Ragna…
Ebok 329,- Lydbok 332,-

Andre har også kjøpt

Undertittel korte forteljingar frå Røvær 1899-2044
Forfattere Odd Eirik Færevåg (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 25 august 2020
Lengde 159 sider
Sjanger Noveller, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252199130
Å finne trøyst i litteraturen. Ein vinterdag i 1985 køyrer ei lita jente det grå akebrettet til broren utfor vegen og fell uti sjøen på grunna. Der blir ho liggjande med andletet ned og druknar, berre fem år gammal. Tilbake står ein familie på to vaksne og tre barn. Ingen såg kva som skjedde. Mange år etterpå nærmar broren seg ulykka gjennom å skrive. Han finn glede og trøyst i å lese. I dialog med litteraturen leiter han etter ei form til skildringa av det som skjedde. Mercedes av Ragnar Hovland opnar noko for han. Hemingway dukkar opp i form av ein katt som krev kald mjølk og gir skriveråd. Ein strandnellik held ein TED-talk om livet på fyret der ute. Tekst for tekst teiknar forfattaren eit portrett av ei øy og ein familie. Gjennom stilsikker sjangerleik og full av kjærleik heidrar han ei lita søster.