Eg lærer mor mi å føde (ebok) av Warsan Shire
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Warsan Shire (forfatter)

Eg lærer mor mi å føde ebok

159,-
(0)
Krigens brutalitet i rå kjensler. Den kenyanskfødde, britisk-somaliske poeten Warsan Shire (f. 1988) tok verda med storm med diktsamlinga «Eg lærer mor mi å føde» i 2011 - også superstjerna Beyonce, som siterer Shire i fleng på albumet «Lemonade» frå 2016. Boka er ein hyllest til familien, som måtte flykte frå heimlandet, og dikta teiknar bilde av krigsherja landskap med omstreifande militsgjengar og liv levde i frykt og terror. Shire konfronterer lesaren med menneske tvungne til å forlate …
159,-
Forfattere Warsan Shire (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 21 februar 2020
Sjangrer Poesi, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234000959
Krigens brutalitet i rå kjensler. Den kenyanskfødde, britisk-somaliske poeten Warsan Shire (f. 1988) tok verda med storm med diktsamlinga «Eg lærer mor mi å føde» i 2011 - også superstjerna Beyonce, som siterer Shire i fleng på albumet «Lemonade» frå 2016. Boka er ein hyllest til familien, som måtte flykte frå heimlandet, og dikta teiknar bilde av krigsherja landskap med omstreifande militsgjengar og liv levde i frykt og terror. Shire konfronterer lesaren med menneske tvungne til å forlate heimane sine og tanken om at ingen er trygge om katastrofen skulle inntreffe - heller ikkje i Vesten. Kroppen er eit viktig motiv - først og fremst kvinnekroppen - og valden som blir utført mot han, både i og utanfor heimen. Ved å hevde fullstendig eigarskap over eigen kropp proklamerer ho at ho, trass systematisk undertrykking, rasisme og brutalitet, ikkje vil la seg kue. Shire sparer ikkje på detaljane, og røysta hennar flyt over på papiret i rå kjensler og eit vakkert, bilderikt språk. Gjendikta frå engelsk av Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen.