Ein bror i verdsrommet (ebok) av Rune F. Hjem
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Rune F. Hjemås (forfatter)

Ein bror i verdsrommet ebok

159,-
(0)
Undrande og spennande om kor små vi er i den store samanhengen. Elias gler seg til at storebroren Mats skal kome heim på permisjon frå sjukehuset. Men det blir ikkje heilt som Elias har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje å gjere noko av det Elias har planlagt. Snart må han reise tilbake til sjukehuset, og Elias får ei vond kjensle i magen. Kva om storebroren ikkje blir frisk igjen? Samstundes oppdagar Elias ein rar pipelyd frå dei gamle radioane på rommet sitt. Kan det ha…
Ebok 159,-
Undertittel roman
Forfattere Rune F. Hjemås (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 9 august 2021
Lengde 150 sider
Sjangrer 9-12 år, 12-15 år, Barnebøker, Ungdomsbøker, Familie
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234003967
Undrande og spennande om kor små vi er i den store samanhengen. Elias gler seg til at storebroren Mats skal kome heim på permisjon frå sjukehuset. Men det blir ikkje heilt som Elias har tenkt seg. Mats er tynn og slapp og orkar ikkje å gjere noko av det Elias har planlagt. Snart må han reise tilbake til sjukehuset, og Elias får ei vond kjensle i magen. Kva om storebroren ikkje blir frisk igjen? Samstundes oppdagar Elias ein rar pipelyd frå dei gamle radioane på rommet sitt. Kan det ha ein samanheng med det underleg raude lyset frå vindauget til nabo Edvardsen? Saman med vennene Mina, Mu og Olivia prøver han å finne ut av mysteriet. Ein bror i verdsrommet krinsar rundt store spørsmål om livet, dauden, og kva som finst der ute i universet - og om det å vere ein litt utypisk superhelt. Rune Hjemås (1982) er frå Trondheim. Han debuterte i 2008 med prosasamlinga Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd, og har ei rekke utgivingar bak seg. Hjemås har bakgrunn frå Skrivekunstakademiet i Hordaland, og har teke mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og Oslo. Ein bror i verdsrommet er hans første barnebok