Eit hemmeleg liv (ebok) av Sigrun Slapgard
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Sigrun Slapgard (forfatter)

Eit hemmeleg liv ebok

210,- Veil. pris: 239,-Spar: 29,-
(0)
Jakta på den løynde historia om ein ukjent krigshelt. Denne historia tek til i 1936. I Tyskland har Hitler teke makta. Også andre land i Europa er prega av fascistiske straumdrag. Da den spanske borgarkrigen startar, er norske Wilhelm Holst busett i Paris, der han driv forretningar. Snart er han båreberar og frivillig på republikansk side ved fronten i Spania. Etter at fascistane vinn i Spania, hjelper han flyktningar over grensa til Frankrike. Da tyskarane kjem til Noreg, blir dei to sønene…
Ebok 210,- Lydbok 175,-
Undertittel spesialagent og spaniafrivillig Wilhelm Holst
Forfattere Sigrun Slapgard (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 26 oktober 2020
Lengde 367 sider
Sjangrer Biografier, Historie, Biografier, Fagbøker, Andre verdenskrig
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234002588

Andre har også kjøpt

Jakta på den løynde historia om ein ukjent krigshelt. Denne historia tek til i 1936. I Tyskland har Hitler teke makta. Også andre land i Europa er prega av fascistiske straumdrag. Da den spanske borgarkrigen startar, er norske Wilhelm Holst busett i Paris, der han driv forretningar. Snart er han båreberar og frivillig på republikansk side ved fronten i Spania. Etter at fascistane vinn i Spania, hjelper han flyktningar over grensa til Frankrike. Da tyskarane kjem til Noreg, blir dei to sønene hans på femten og seksten skotne heime i Ådalen. Frå da av risikerer Holst dagleg livet i hemmeleg undergrunnsarbeid i Frankrike. Han blir spesialagent med mange dekknamn og opererer ofte saman med «fru Holst», den britiske agenten Madge Addy. Kven var han, Wilhelm Holst, og kven var den britiske kvinna som ikkje var hans eigentlege kone? I denne boka dreg barnebarnet på jakt etter løyndomane i livet til ein bestefar han aldri møtte. Saman med forfattar Sigrun Slapgard leiter han i hemmelegstempla dokument og brevsamlingar, og gradvis trer historia fram - ei skakande forteljing om korleis to brutale krigar endra livet til ein mann og slo inn i ein familie. Sigrun Slapgard (f. 1953) er journalist og forfattar. Ho har jobba som utanriksjournalist i NRK og har skrive ei rekkje bøker. For Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002) blei ho nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen. Også Eit hemmeleg liv (2020) blei Brage-nominert. For romanen Englestien (2013) fekk ho Nynorsk litteraturpris. Slapgard har også skrive ein biografi om Sigrid Undset og romanen Eg har sett jaguaren.