 
    
    
    Legg til i ønskeliste
    
    
      Les gratis utdrag
    
    
Ekofisk, Eidsvoll ebok
  
  
  299,-
  
«Korleis kan vi binda oss til masta på eit vis som sikrar berekraftig bruk av oljepengar gjennom tida? Kan vi tryggja finansformuen vår, Oljefondet, i all æve til Dovre fell? Desse spørsmåla er kalde og norske; gjennomtenkt sjølvopptekne. Meininga med denne boka er å tenkja gjennom moglege svar. Målet er å skriva setningar og avsnitt som har med Grunnlova, den djupe politikken, å gjera. Innspel til ei konstitusjonell offentlegheit.» 
 
Ekofisk, Eidsvoll er eit essay om petroleum og statsstyring…
  
    Ebok
    299,-
  
  
Andre har også kjøpt
    Undertittel
    eit essay om oljepengar og Grunnlova
  
  
  
  
    Forlag
    Samlaget
  
  
  
    Utgitt
    7 august 2017
    
  
  
  
  
    Lengde
    114 sider
  
  
  
    Sjanger
    
      Biografier, Dokumentar og fakta
    
  
  
  
  
    Språk
    Nynorsk
  
  
    Format
    epub
  
  
    DRM-beskyttelse
    Vannmerket
  
  
    ISBN
    9788252193909
  
«Korleis kan vi binda oss til masta på eit vis som sikrar berekraftig bruk av oljepengar gjennom tida? Kan vi tryggja finansformuen vår, Oljefondet, i all æve til Dovre fell? Desse spørsmåla er kalde og norske; gjennomtenkt sjølvopptekne. Meininga med denne boka er å tenkja gjennom moglege svar. Målet er å skriva setningar og avsnitt som har med Grunnlova, den djupe politikken, å gjera. Innspel til ei konstitusjonell offentlegheit.» 
 
Ekofisk, Eidsvoll er eit essay om petroleum og statsstyring, den fyrste amerikanske finansministeren Alexander Hamilton, det gløymde Statens reservefond, Odyssevskvædet av Homer, historia om forfattaren sin tyske stamfar og ein familieformue som gjekk tapt. Essayet munnar ut i ferdaminne frå øya St. Croix og skisser til grunnlovfeste handlingsreglar for bruk av oljepengar; utkast til demokratiske samtalar om norske statsfinansar. 
 
Morten Søberg (f. 1969) kjem frå Trondheim. Han har vore statssekretær i Finansdepartementet og finanspolitisk og konstitusjonell rådgjevar for Senterpartiet på Stortinget. Søberg arbeider no som direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 Gruppen. Ekofisk, Eidsvoll er den fjerde essaysamlinga hans.
       
        