Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Felâtun bey og Râkim efendi (Skalds klassikarar) ebok
269,-
«Felâtun Bey og Râk.m Efendi» (1875) er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket, skriven i ein periode prega av vestleggjering. Romanen kan både lesast som ein parodi på feilslått europeisering og som eit bidrag til å setje tradisjonelle samfunnsordningar under debatt. For å balansere impulsanefrå aust og vest, skaper forfattaren to parallellfigurar. Felâtun bey, den europeiserte snobben, lever eit dekade…
Ebok
269,-
Forlag
Skald
Utgitt
7 juli 2020
Lengde
217 sider
Sjanger
Romaner, Skjønnlitteratur
Serie
Skalds klassikarar
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788279593119
«Felâtun Bey og Râk.m Efendi» (1875) er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket, skriven i ein periode prega av vestleggjering. Romanen kan både lesast som ein parodi på feilslått europeisering og som eit bidrag til å setje tradisjonelle samfunnsordningar under debatt. For å balansere impulsanefrå aust og vest, skaper forfattaren to parallellfigurar. Felâtun bey, den europeiserte snobben, lever eit dekadent liv, med alvorlege følgjer. MotspelarenRâk?mefendi representerer tradisjonelle, muslimske verdiar og arbeidsmoral. Stilistisk kombinerer Ahmet Mithatimpulsarfrå populære europeiske føljetong-romanar med ironien i den orientalske forteljartradisjonen og skuggeteateret.
Romanen er også eit interessant tidsdokument som gir lesareneit unikt innblikk i Istanbul på slutten av 1800-talet. Romanen er omsett av Gunvald Axner Ims (f. 1979). Han er omsetjar med master i tyrkisk frå Universitetet i Oslo og doktor i tyrkiske språk frå Uppsala universitet. Ims har forska på Orhan Pamuk og på ironiske framstillingar av vestleggjering i tyrkiske romanar. Han debuterte som tyrkisktalande hjå ein vertsfamilie i Izmir skuleåret 1996-97, og har sidan studert og forska i Istanbul over fleire år. Sidan sin debut som tyrkiskomsetjar i 2004 har han mellom anna omsett Asl?Erdo?an, Ahmet Altan og Ahmet HamdiTanp?nar. Ahmet Mithat (1844-1912) var ein engasjert folkeopplysar, fødd i Istanbul, og ein av dei første romanforfattarane i tyrkisk litteratur. Livsverket hans omfattar rundt 40 romanar, fleirenovellesamlingar og litteraturkritiske artiklar. Etter fleireomflakkande år som førte han til Balkan, Bagdad og Rodos, returnerte han til Istanbul i 1870-åra og etablerte seg som avismann, utgjevar og kulturkritikar. Han hadde band til den moderne reformrørsla, men stilte seg samstundes kritisk til den utsvevande og europeisk-inspirerte livsstilen til mange i hans generasjon, og gjorde «den europeis