Finna kyrkjedøra i meg (ebok) av Per Helge Ge
Legg til i ønskeliste
Per Helge Genberg (forfatter)

Finna kyrkjedøra i meg ebok

218,- Veil. pris: 249,-Spar: 31,-
(0)
Den tretten år gamle guten ser ein vaksen mann gå avkledd på ein varm dag. Det vekker ei spenning som er nok til å skjøne at tiltrekkinga går i «feil lei». Kva skal no skje med odelen, den ætteplikta som er planta så djupt i han, og kva med den nedervde omsorga for dyra? Alt kan slutte med han. Finna kyrkjedøra i meg er ei sterk og sår forteljing om å vekse opp på landsbygda i ei tid då det å vera homofil var enda meir skambelagt enn i dag. Det handlar om å vera vennelaus og om sosial skade…
218,- Veil. pris: 249,-Spar: 31,-
Forfattere Per Helge Genberg (forfatter)
Utgitt 15 januar 2018
Sjangrer Annen skjønnlitteratur, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788241915987
Den tretten år gamle guten ser ein vaksen mann gå avkledd på ein varm dag. Det vekker ei spenning som er nok til å skjøne at tiltrekkinga går i «feil lei». Kva skal no skje med odelen, den ætteplikta som er planta så djupt i han, og kva med den nedervde omsorga for dyra? Alt kan slutte med han. Finna kyrkjedøra i meg er ei sterk og sår forteljing om å vekse opp på landsbygda i ei tid då det å vera homofil var enda meir skambelagt enn i dag. Det handlar om å vera vennelaus og om sosial skade. Det handlar om å vera seg sjølv der ein bur, og om å finna og få leva med den store kjærleiken. Det er ei forteljing gjennomsyra av bondens kjærleik til gard, jord og dyr, ein kjærleik like sterk alle dagar gjennom året. Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han arbeider som byråkrat og bonde, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte i Signaler 2016. Familie: mannen Øystein, mor Oddbjørg og sauene Ømjer, Phèdre, Øyfrid, Terna, Eivør, Shabana, Aylar, Wilhelmina, Ragna, Ingeborg, Jakobine og Hrafnheidur.