Fiskehuset (ebok) av Stein Torleif Bjella
Kommer: 1 okt. 2021
Legg til i ønskeliste
Stein Torleif Bjella (forfatter)

Fiskehuset ebok

201,- Veil. pris: 229,-Spar: 28,- Kommer: 1 oktober 2021
(0)
"- Ska du bi ein god fiskar, må du tenkji som ein fisk. Onkel Ivar ser rett på meg. Sjølv om panna er drivvåt ligg den amerikanske sideskillen perfekt. Me står på vollen ved båthuset. Storsennvatnet breiar seg mot vest. Det er større enn eg hugsar. Ivar myser i lynklart haustvêr. Han har høge gummisko, feltjakke, strikkavottu og bremluve med øyrelappar. Det er berre fire kilometer frå parkeringa, men for Ivar vart det fire mil. Framoverbøygd og tungpusta kjempa han seg hit. Tyngdekrafta og ha…
Ebok 201,-
Forfattere Stein Torleif Bjella (forfatter)
Forlag Oktober
Utgitt 1 oktober 2021
Sjangrer Skjønnlitteratur, Romaner
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788249524280
"- Ska du bi ein god fiskar, må du tenkji som ein fisk. Onkel Ivar ser rett på meg. Sjølv om panna er drivvåt ligg den amerikanske sideskillen perfekt. Me står på vollen ved båthuset. Storsennvatnet breiar seg mot vest. Det er større enn eg hugsar. Ivar myser i lynklart haustvêr. Han har høge gummisko, feltjakke, strikkavottu og bremluve med øyrelappar. Det er berre fire kilometer frå parkeringa, men for Ivar vart det fire mil. Framoverbøygd og tungpusta kjempa han seg hit. Tyngdekrafta og hardt ramma ryggvirvlar pressa han mot bakken. To gonger ramla han. Fyrst trakka han feil og datt sidelengs. Sekken og han låg sammenfletta med ungskogen. Han freste som ein hoggorm då eg fekk han laus. Like etter datt han bakover og kilte fast baken mellom to steinar. Då eg sprang til for å hjelpe, slo han etter meg med staven. Han kom seg laus for eigen maskin, ved å vogge att og fram. Etterpå halta han stygt på høgrefoten. Eg tenkte at onkel ikkje lenger er mannen for haustfiske i kalde fjellvatn." Ivar Helgesen Aal er 79 år, bedriftseigar og meisterspelemann på hardingfele. Han har peika ut brorson Jon Aslesson Aal til å ta over fiskevatnet Storsenn. Jon er 47 år, lærarassistent, syng og spelar gitar. Dei to reiser på haustfiske og snakkar ut om kva som må til i livet. Fiskehuset handlar om raklespel og svogerfiske, draumar, løbbel, sanningsord og uregulerte fjellvatn, naturen som dundrar fram og Den Store Endringa i livet til Jon Aslesson Aal.