Fiskehuset (ebok) av Stein Torleif Bjella
Legg til i ønskeliste
Stein Torleif Bjella (forfatter)

Fiskehuset ebok

201,- Veil. pris: 229,-Spar: 28,-
(0)
«- Ska du bi ein god fiskar, må du tenkji som ein fisk. Onkel Ivar ser rett på meg. Sjølv om panna er drivvåt, ligg den amerikanske sideskilen perfekt. Me står på vollen ved båthuset. Vatnet Storsenn breier seg mot vest. Det er større enn eg hugsar. Ivar myser i lynklart haustvêr. Han har høge gummisko, feltjakke, strikkavottar og bremluve med øyrelappar. Det er berre fire kilometer frå parkeringa, men for Ivar vart det fire mil. Framoverbøygd og tungpusta kjempa han seg hit. Tyngdekrafta og …
Ebok 201,- Lydbok 262,-
Undertittel roman
Forfattere Stein Torleif Bjella (forfatter)
Forlag Oktober
Utgitt 22 oktober 2021
Lengde 136 sider
Sjangrer Skjønnlitteratur, Trening og fritid, Romaner, Helse, livsstil og fritid, Fagbøker, Politikk og samfunn
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788249524280

Andre har også kjøpt

«- Ska du bi ein god fiskar, må du tenkji som ein fisk. Onkel Ivar ser rett på meg. Sjølv om panna er drivvåt, ligg den amerikanske sideskilen perfekt. Me står på vollen ved båthuset. Vatnet Storsenn breier seg mot vest. Det er større enn eg hugsar. Ivar myser i lynklart haustvêr. Han har høge gummisko, feltjakke, strikkavottar og bremluve med øyrelappar. Det er berre fire kilometer frå parkeringa, men for Ivar vart det fire mil. Framoverbøygd og tungpusta kjempa han seg hit. Tyngdekrafta og hardt ramma ryggvirvlar pressa han mot bakken. To gonger ramla han. Fyrst trakka han feil og datt sidelengs. Sekken og han låg samanfletta med ungskogen. Han freste som ein hoggorm då eg fekk han laus. Like etter datt han bakover i stigen. Han kila fast baken mellom to steinar. Då eg sprang til for å hjelpe, slo han etter meg med staven. Han kom seg laus for eigen maskin, ved å vogge att og fram. Etterpå halta han på høgrefoten. Eg tenkte at onkel ikkje lenger er mannen for haustfiske i kalde fjellvatn.» Onkel Ivar Helgesson Aal har peika ut brorson Jon Aslesson Aal til å ta over fiskevatnet Storsenn. Romanen "Fiskehuset" handlar om ei veke haustfiske, kunstens indre vesen, naturen som dundrar fram, kjærleiken, sanningsord og Den Store Endringa i livet til Jon Aslesson Aal.