Flukta til Finnmark (ebok) av Kathrine Nedrej
Legg til i ønskeliste
Kathrine Nedrejord (forfatter)

Flukta til Finnmark (Krisetid) ebok

175,- Veil. pris: 199,-Spar: 24,-
(0)
For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien KRISETID fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp. I siste halvdel av 1800-talet blei Finland ramma av ei rekke uår som fekk tusenvis av menneske til å forlate landet. Mange av desse, som blei kalla kvener då dei slo seg ned i nord, enda opp i Troms og Finnmark. Ein a…
Ebok 175,-

Andre har også kjøpt

Undertittel 1800-talet
Forfattere Kathrine Nedrejord (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 8 november 2021
Lengde 92 sider
Sjangrer Historie, Helse, livsstil og fritid, Fagbøker, Politikk og samfunn
Serie Krisetid
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234006388
For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien KRISETID fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp. I siste halvdel av 1800-talet blei Finland ramma av ei rekke uår som fekk tusenvis av menneske til å forlate landet. Mange av desse, som blei kalla kvener då dei slo seg ned i nord, enda opp i Troms og Finnmark. Ein av dei var tippoldefar til forfattaren, Isak Martimo Gaski. Etter at far til Isak kom ut for ei alvorleg arbeidsulykke, blei Isak overlaten til framandfolk. Åtte år gammal blei han sett bort til ein samisk familie i Tana-området, til ein heim og ein kultur som var heilt ukjent for han. Kathrine Nedrejord tar for seg innvandringa frå Finland til Noreg, og skjebnen finnane møtte då dei kom hit. Korleis gjekk det med dei? Og korleis blei det nye landet prega av nykomlingane? Nedrejord fortel historia om korleis eit barn som opplevde store tap, likevel klarte seg. Isak Martimo Gaski vart ein del av det samiske samfunnet i Tana, fekk barn og familie og blei godt integrert, sjølv om bakgrunnen også prega livet hans. Innvandringa frå Finland fekk store konsekvensar politisk: Ho var startskotet for fornorskingspolitikken, som har prega både den kvenske minoriteten og det samiske folket gjennom heile det førre hundreåret og fram til i dag. Historia til innvandrarane frå Finland har vore ukjent blant folk flest i Noreg. Kathrine Nedrejord (f. 1987) er ein samisk forfattar og dramatikar, med oppvekst i Finnmark og i Vestfold. Nedrejord bur i Paris og har gitt ut tre romanar, tre ungdomsbøker og ei barnebok. Ho blei nominert til Ibsenprisen for dramatikerdebuten Brent jord (2015), og for romanen Forvandlinga (2018) fekk ho Havmannprisen. Nedrejord har vore husdramatikar på Nationaltheatret og på Dramatikkens hus.