Gratulerer med dagen (ebok) av Maria Horvei
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Maria Horvei (forfatter)

Gratulerer med dagen ebok

245,- Veil. pris: 279,-Spar: 34,-
(0)
Det var tidleg på morgonen den 17. mai, nøyaktig 186 år etter at ein ung, bakfull diktar hadde oppildna ei menneskemengd beståande av kring fem tusen tilhøyrarar med sine sterkt bevinga ord om den medborgarlege samkjensla, under avdukinga av minnestøtta for stortingsmannen Christian Krohg. Minnestøtta sto framleis, men den medborgarlege samkjensla strevde under tunge kår. Det gryr til nasjonaldagsfeiring i bygda. Flagg vert heist, skjorter stroke. Syrinar er på nippet til å blomstre, og himmel…
Ebok 245,-

Andre har også kjøpt

Undertittel roman
Forfattere Maria Horvei (forfatter)
Forlag Gyldendal
Utgitt 22 september 2022
Sjanger Skjønnlitteratur, Romaner
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788205566378
Det var tidleg på morgonen den 17. mai, nøyaktig 186 år etter at ein ung, bakfull diktar hadde oppildna ei menneskemengd beståande av kring fem tusen tilhøyrarar med sine sterkt bevinga ord om den medborgarlege samkjensla, under avdukinga av minnestøtta for stortingsmannen Christian Krohg. Minnestøtta sto framleis, men den medborgarlege samkjensla strevde under tunge kår. Det gryr til nasjonaldagsfeiring i bygda. Flagg vert heist, skjorter stroke. Syrinar er på nippet til å blomstre, og himmelen i ferd med å bli blå som ein undulat. Ut av husa stig folk, og alle skal dei feire. Éin er komen tilbake til heimbygda for å halde tale for dagen, ei har stålsett seg for pliktene som følgjer med vervet som leiar for 17. mai-komiteen. Ei skal snart reise langt vekk, ein annan forsøker å finne att ein plass han aldri eigentleg har høyrt til. Gratulerer med dagen er ei forteljing om nasjonalkjensle og mangel på slikt noko, og om ynsket om å høyre til - ein eller annan stad.