Havlandet (ebok) av Per Anders Todal
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Per Anders Todal (forfatter)

Havlandet ebok

306,- Veil. pris: 349,-Spar: 43,-
(0)
Dei norske havområda er seks gonger så store som landarealet, og sjøen har gjeve livsgrunnlag for menneska her nord sidan steinalderen. Likevel er det meste av hava våre ukjende for dei aller fleste. Denne boka er ei reise til det usynlege Noreg. Den skildrar dei mangfaldige landskapa under vassflata. Kvar del av havet har si eiga historie, og kvart havområde har vore med på å forme vilkåra for menneskelivet i Noreg. Forfattaren tek lesaren med på lange reiser: frå trålarane i det vintermørke o…
306,- Veil. pris: 349,-Spar: 43,-
Undertittel historia om hava som skapte Noreg
Forfattere Per Anders Todal (forfatter)
Utgitt 17 august 2018
Sjangrer Historie, Fagbøker
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788241918247
Dei norske havområda er seks gonger så store som landarealet, og sjøen har gjeve livsgrunnlag for menneska her nord sidan steinalderen. Likevel er det meste av hava våre ukjende for dei aller fleste. Denne boka er ei reise til det usynlege Noreg. Den skildrar dei mangfaldige landskapa under vassflata. Kvar del av havet har si eiga historie, og kvart havområde har vore med på å forme vilkåra for menneskelivet i Noreg. Forfattaren tek lesaren med på lange reiser: frå trålarane i det vintermørke og stormfulle Barentshavet til brislingjakt med not i Sognefjorden, frå det overdådige skreifisket ved Røst til forskingstokt ved korallreva på Mørebankane, frå oppdrettspionerane på Lovund til dei siste kvalfangarane i Nordsjøen. Boka fortel historia om dei første seljegerane som padla opp langs kysten for over 11 000 år sidan, om havstraumane som gjev Noreg milde vintrar og eineståande fiskerikdom, og om klimaendringane og havforsuringa som no endrar livet i sjøen på fundamentalt vis. I Havlandet blir naturvitskap, historie, mytologi og ramsalte reportasjar vevde saman til ei stor og rik forteljing om Noreg og havet. Per Anders Todal er journalist.